At stadig fleire av oss brukar smarttelefonar til stadig meir, er dårleg nytt både for klima og miljø. Og kanskje på måtar som vil overraske deg, skriv Idun A. Husabø i denne populærvitskaplege artikkelen, som òg er publisert på forskning.no.
Eit nytt forum samlar viktige aktørar innan forskings- og utviklingsarbeid i fylket. Eit sentralt mål er å styrke forsking som skapar innovasjon for næringsliv og offentleg sektor i Vestland fylke.
Ein verbal og musikalsk appell frå klimaaktivist og artist Marte Wulff er blant det vi byr på under årets utgåve av #Klimaomstilling 29. april, der vi òg rettar blikket mot haustens stortingsval og det som kjem etter pandemien. 2021-konferansen er den sjette vi held saman med andre som jobbar med klima i Vestland.
Kven lagar reglane for dataspeling når mamma og pappa bur i eit anna land? I eit nystarta prosjekt er temaet spelevanar hos unge, ikkje-vestlege menn utan familie i Norge. – Vi veit lite om korleis denne gruppa har det, seier prosjektleiar Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking.
Klimatilpassing og samarbeid med offentlege verksemder er ein fellesnemnar for fleire av dei nye FoU-prosjekta Vestlandsforsking startar opp i 2021. Også samarbeid med næringslivet i Vestland om innovasjon går att. Tematisk spenner prosjekta frå biokol og kommunale klimabudsjett til dataspeling blant einslege, unge menn med innvandrarbakgrunn. Direktør Anders-Johan Almås gler seg over rekordhøg aktivitet.
Sogndal kommune og Vestlandsforsking fekk god utteljing då Regionale forskingsfond Vestland tildelte midlar tidleg i 2021. Begge er med i to av dei fem forskingsprosjekta som fekk støtte, og skal samarbeide om å løyse utfordringar mange norske kommunar møter på i klimaarbeidet.
Har du bioavfall som du ynskjer å utnytte betre? Eller er du nyfiken på korleis ein kan dra nytte av biokol til jordforbetring og klimatiltak i landbruket eller bygg- og anleggsnæringa? Eit ope nettmøte 26. mars kan gje deg nyttig innsikt.
– Denne doktorgraden spring på eit vis ut av somrane i heimbygda mi, seier forskar Agnes Brudvik Engeset. I februar disputerte ho ved NTNU og blei den første ved Vestlandsforsking som tek ein doktorgrad med rein reiselivstematikk.
For å sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, må både klimaomstilling og klimatilpassing vere godt integrert i regionale og lokale planprosessar. Men innbyggjarane må òg trekkast med, både for å få fram viktig lokalkunnskap og for å sikre forståing og engasjement for ulike tiltak. Dette står sentralt i eit nytt prosjekt med deltakarar frå heile Vestland.
Tre studentar i fornybar energi har utført ein mini-variant av Vestlandsforsking sitt HOPE-prosjekt i Sogndal. Dei har stilt spørsmålet: Dersom du var nøydd til å gjere hushaldet ditt meir klimavennleg, kva tiltak ville du satsa på?
Forskar Svein Ølnes har saman med professor Arild Jansen ved universitetet i Oslo skrive artikkelen "The nature of public e-services and their quality dimensions" som no er publisert av det velrenommerte tidsskriftet "Government Information Quarterly"
Vestlandsforsking har kvalifisert seg til 5 års forsking på kvinner i forsking og innovasjon. - Kvinner som er utdanna innan teknologi eller har yrke som blir stadig meir prega av teknologi, vil stå sentralt, seier prosjektleiar Hilde G. Corneliussen.
Når målet om eit berekraftig reiseliv møter lokale reiselivssatsingar i praksis, blir kortsiktige bedriftsøkonomiske omsyn vektlagt meir enn økologiske perspektiv. Særleg omsynet til reduserte klimagassutslepp blir skadelidande. Det er som forventa i og med at statlege rammevilkår legg opp til ei slik prioritering.
På eit seminar arrangert av Norstella hadde Svein Ølnes frå Vestlandsforsking eit innlegg der det m.a. kom fram at ein må sjå nærare på bruk av Bitcoin og underliggjande blokkjede-teknologi også i offentlege IT-system.
I prosjektet "Virkninger av økt granplanting på karbonbalansen i skog på Vestlandet" skal forskarar frå Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO), Universitetet i Oslo, Universitetet i København og Vestlandsforsking analysere den samla karbonlagringen av granplanting på Vestlandet.
10. november disputerer Geoffrey Gilpin for doktorgraden med eit forskingsarbeid utført ved Vestlandsforsking. Han legg fram ny kunnskap om livsløpsanalysar av biodrivstoff og korleis slike drivstoff kan bidra til ei meir berekraftig utvikling.