Vil styrke grøn og innovativ forsking i Vestland
Eit nytt forum samlar viktige aktørar innan forskings- og utviklingsarbeid i fylket. Eit sentralt mål er å styrke forsking som skapar innovasjon for næringsliv og offentleg sektor i Vestland fylke.
FoU-forum Vestland vart skipa våren 2021 med deltakarar frå næringsliv, kommunal sektor, ulike offentlege verksemder og forskingsorganisasjonar. Vestlandsforsking sin representant er forskar Øyvind Heimset Larsen.
– Det er viktig at Vestlandsforsking er aktiv i denne arbeidsgruppa, som er knytt til Næringsforum Vestland, fordi forsking som kan gje ny kunnskap i mange tilfelle er avgjerande for å skape nye innovasjonar, seier forskaren.
Grøn plattform
Ei oppgåve forumet alt er i sving med, er å dyrke fram gode søknadar frå Vestland fylke til regjeringa si satsing på grøn vekst, med tittelen «Grønn plattform». Regjeringa stiller ein milliard kroner til disposisjon for forsking og utviklingsprosjekt som kan gi «grøne jobbar og ei meir berekraftig framtid». Dei som kan søke, er bedrifter og forskingsinstitutt.
Vestland fylkeskommune støttar opp med 600.000 kr til bedrifter og forskingsmiljø som vil setje i gang forprosjekt og søknadsskriving inn mot fristen 12. mai.
Verdsmeistrar i samarbeid
Når FoU-forum Vestland tek fatt på nye oppgåver, vil det handle mykje om å samordne støtte til forsking og utviklingsarbeid i fylket. Det inneber mellom anna at deltakarane utvekslar erfaringar og informasjon med kvarandre.
Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling seier til vestlandfylke.no 23.4. at forumet skal bidra til at vi i Vestland vert “verdsmeistarar på samarbeid”, noko som må til for å klare dei tøffe innovasjonsutfordringane som skal til for å nå målet om å bli eit nullutsleppsfylke i 2030.
Forumet skal elles gje innspel om forsking i fylkeskommunen sitt med Regional plan for Innovasjon og Næringsutvikling som blir vedteken av fylkestinget i juni.
Fylkeskommunen leiar forumet
FoU-forum Vestland blei til på initiativ frå Vestland fylkeskommune. Det blir òg leia av fylkeskommunen og fungerer som ei fagleg arbeidsgruppe for Næringsforum Vestland.
I tillegg til dei nemnde, deltek Sogn og Fjordane næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, KS, Bergen kommune, Universitetet i Bergen, NORCE, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Noreg, Forskingsrådet, Regionalt forskingsfond Vestland og Statsforvaltaren i Vestland.
FoU- forum skal møtast 5-6 gonger i året.
Les Vestland fylkeskommune sitt oppslag om FoU-forum Vestland