Sogndal kommune og Vestlandsforsking skal samarbeide i to nye klimaprosjekt
Sogndal kommune og Vestlandsforsking fekk god utteljing då Regionale forskingsfond Vestland tildelte midlar tidleg i 2021. Begge er med i to av dei fem forskingsprosjekta som fekk støtte, og skal samarbeide om å løyse utfordringar mange norske kommunar møter på i klimaarbeidet.
Kring halvparten av potten, seks av 12,5 millionar kroner, gjekk til forskingsprosjekta Sogndal kommune og Vestlandsforsking skal delta i.
– At vi fekk to av dei fem prosjekta RFF Vestland ville støtte, tek vi som ei anerkjenning av at kunnskapen vi vil utvikle er viktig og etterspurt i regionen, seier forskingsleiar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.
Klimabudsjett i kommunen
Dei to prosjekta tek for seg to ulike sider av klimaarbeidet i kommunane. I prosjektet med tittelen Klimabudsjett 2.0 handlar det om å kutte utslepp av klimagassar lokalt – ei viktig, men krevjande oppgåve for kommunane. Dei er forventa å lage klimaplanar som både er rettvise og monnar når det gjeld å redusere klimagassutslepp.
– Kommunar spelar ei nøkkelrolle for å redusere klimagassutslepp. I dette prosjektet skal vi kombinere forskingsfronten på klimatiltak med tett kommune-samarbeid. Målet vårt er å få til klimaplanar som både er rettvise i global samanheng og bidreg til kutt i utslepp lokalt, seier forskar Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking.
Vestlandsforsking skal leie prosjektet. I samarbeid med Universitet i Bergen skal dei òg støtte klimaplanarbeidet til Vestland fylkeskommune, nye Sogndal kommune og Asker kommune.
Høge ambisjonar
Klimabudsjett er noko som fleire og fleire kommunar tek i bruk som handlingsverktøy for å gjennomføre treffsikre og målbare klimagassreduserande tiltak.
Sogndal kommune har sett seg høge mål: Kommunen er blitt medlem i Klimapartnere Vestland og har mål om å bli ein nullutsleppskommune i 2030. Eit klimabudsjett for kommunen kan difor bli eit viktig verkemiddel.
Samstundes blir det avgjerande for Sogndal kommune å ta høgde for klimaendringane i kommunal planlegging og utvikling, understrekar varaordførar Vibeke Johnsen i Sogndal kommune.
– Dei to forskingsprosjekta bidreg til å styrke kommunen sin klimainnsats i den nye kommunen, slår ho fast.
Sikre bygg og infrastruktur
Nettopp førebygging gjennom planlegging, er eit viktig stikkord for det andre av dei to forskingsprosjekta, som har tittelen Verktøy for klimatilpasning av bygg og infrastruktur. Her handlar det om alt kommunane må gjere annleis for å førebygge ulempene ved at klimaet endrar seg. Kommunane har ansvar for å sikre at bygg og infrastruktur toler det røffare vêret.
Det prosjektet skal utvikle, til nytte for norske kommunar, er såkalla indikatorar for klimatilpassing av bygg og infrastruktur i kommunar.
– Vi tek til å få ein del kunnskap om kva slags sårbarheit vi får når klimaet endrar seg. Det kommunane treng no, er verktøy for å vurdere ulike typar tilpassingstiltak og å halde oversikt over kva slags sårbarheit dei faktisk har gjort noko med.
Verktøyet forskarane skal utvikle, kan òg setje kommunane i stand til å gjere ei kost-nytte-vurdering av ulike tiltak.
Tre kommunar i Sogn
Sogn står sterkt i dette prosjektet om klimatilpassing. Blant dei åtte kommunane finn vi både Sogndal, Lærdal og Luster. I tillegg kjem Vestland fylkeskommune, og prosjektet vil leggje ei viss vekt på typisk «vestlandske» problemstillingar.
Vestlandsforsking, som leier eit nasjonalt senter for klimatilpassing (Noradapt) har ansvar for ei av arbeidspakkane i prosjektet, medan Sintef leier prosjektet. Osterøy kommune står som eigar av prosjektet.
Sogndal kommune kjem etter planen til å samle dette klimaarbeidet hjå ein framtidig tilsett, fortel Torkjel Solbraa, som er samfunnsutviklar i Sogndal kommune.
– Med forskinga på klimatilpassing vil kommunen bli betre rusta til å identifisere kva tiltak kommunen bør gjennomføre for å redusere faren for naturskadar på bygg og infrastruktur. Som ein konsekvens av kommunen si satsing på klimagassreduksjon og klimatilpassing kjem vi til å lyse ut ei stilling som klimakoordinator i nær framtid, seier Solbraa.