Aktuelt-arkiv

  • Dei fleste fylkesberedskapssjefar meiner at samfunnet er blitt meir sårbart for ekstremvêr. Likevel blir beredskaps-Norge bygd ned.

  • Med lanseringa av schema.org som endå ein måte å supplera HTML-koden med semantisk tilleggs-informasjon, har Google, Yahoo! og Microsoft (Bing) fått fart på diskusjonen på web-en. Det er mange meiningar om korleis dette utspelet vil påverka utviklinga av ein meir semantisk vev.

  • Eg har nettopp limt att ein stor konvolutt og sendt eit tilbod på ei utlysing frå Distriktssenteret. Eg kan berre kryssa fingrane mine for at tilbodet kjem fram til Steinkjer måndag 20. juni før kl. 12.00. To papirkopiar med kvar 50-60 sider papir ligg i konvolutten, saman med ein minnepenn. Det er grunn til å minna om at vi lever i 2011 – dette er hinsides all fornuft! No må styresmaktene vakna og modernisera eit håplaust gammaldags system.

  • Fylkesmann Oddvar J. Flæte er takka av etter 17 år i embetet og med mange godord på vegen ut av fylkesmannsdøra. Enkelte har vore inne på innsatsen han har gjort på IT-området, men det fortener ein breiare omtale. Flæte har vore den viktigaste drivkrafta i det som no blir kalla IT-fylket Sogn og Fjordane.

    Vestlandsforsking har særlege føresetnader for å skriva ein slik omtale, då it-forskinga ved instituttet har hatt eit nært og godt samarbeid med Fylkesmannen heilt sidan starten.

  • Vestlandsforsking er vertskap for ein studietur om lokal klimatilpassing.

  • I juni 2011 startar Norsk Senter for Bygdeforskning og Vestlandsforsking opp det treårige prosjektet ”Rural tourism 2.0”, også kalla ”Andre generasjon bygdeturisme”.

  • Kommunevalget nærmer seg, og partiene begynner å posisjonere seg med sine utspill. Jeg forsker på lokal klimapolitikk og synes derfor det hadde vært bra om ”klima” kom på dagsorden i valgkampen.

  • Den internasjonale samansluttinga av miljøkommunar (ICLEI) har nyleg arrangert sin andre verdskongress om lokal klimatilpassing i Bonn, Tyskland

  • Vestlandsforsking utfordrar stat og kommune til å vurdere "byggjestopp" på vegsektoran av omsyn til klimaet

  • Konferansen som blei gjennomført i Sogndal 25. – 27. mai vart ein stor suksess. Trass oskesky og flyproblem kom det 85 forskarar frå 26 land til konferansen.

  • Vestlandsforsking ved forskingsleiar Carlo Aall, og Høgskulen i Oslo ved professor Karl Georg Høyer deltok som assosierte partnarar under opninga av The Nordic Centre of Excellence NORD-STAR (Nordic Strategic Adaptation Research).

  • Hovudforedraga på WIMS'11-konferansen i Sogndal blir sendt direkte på nettet.

  • Vestlandsforsking i Sogndal er vert for den første internasjonale konferansen om
    Web Intelligence, Mining and Semantics (WIMS'11) på Quality Hotel Sogndal
    25.-27. mai 2011.

  • Forskingssenter for berekraftig reiseliv har nettopp avslutta prosjektet ARENA Innovativ Fjordturisme (no NCE) som er gjennomført i løpet av dei siste tre åra.

  • Digi.no melder at Narvik kommune tek steget inn i nettskya ved å velja Google sine verktøy for gruppevare (e-post, kalender m.m.). Det er ei interessant utvikling som også reiser ein del prinsipielle spørsmål.

  • Vi gratulerer Geir med doktorgrad og vel gjennomført disputas i Trondheim 6. mai.

  • Vestlandsforsking har på oppdrag frå Sparebanken Sogn og Fjordane laga ei nettbasert teneste med gode råd om klima og energi.

  • Geir Liavåg Strand frå Sandane forsvarar 6. mai 2011 kl 13.15 doktorgraden sin (PhD) på Institutt for Industriell Økonomi og Teknologiledelse ved NTNU.

  • Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har oppnemnt nytt styre for Vestlandsforsking for perioden 2011 - 2015.

  • I ein kronikk i forskning.no stiller forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking spørsmålet om vi har tid til å vente på teknologiske tiltak retta inn mot å redusere utslepp frå produksjon - av typen fullskala CO2-rensing på Mongstad - eller om vi i staden må satse på tiltak retta inn mot å redusere utslepp frå forbruket vårt.