Rural tourism 2.0

I juni 2011 startar Norsk Senter for Bygdeforskning og Vestlandsforsking opp det treårige prosjektet ”Rural tourism 2.0”, også kalla ”Andre generasjon bygdeturisme”.

Målet med prosjektet er å undersøke kva framtidas bygdeturisme skal innehalde, og kva slags strategiar som må utviklast får å oppnå dette. Studiefeltet er dei to fylka Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag. Oppdragsgjevarar er Norges Forskingsråd, samt fylkeskommunane og Fylkesmennene i dei to fylka.