Møttest i Warszawa for å snakke om lokal medverknad i planprosessar
Å invitere innbyggarar inn i lokale planprosessar, er på dagsorden i Europa. Erfaringar frå medverknadsprosessar i ulike land var temaet då forskarane i eit EU-prosjekt Vestlandsforsking leier, møttest i Warszawa.
Forskingsprosjektet «Integrate Nature-based solutions», som er leia av Irmelin Gram-Hanssen ved Vestlandsforsking, gjennomfører arbeidsverkstader i Norge, Sverige, Polen og Spania. Intensjonen er å samle folk på tvers av interesser og bakgrunn for å sjå om dei kan einast om nokre felles verdiar i lokale planprosessar.
– Kongstanken er at viss ein greier å samle seg rundt eit felles verdigrunnlag, er det òg enklare å jobbe seg fram til praktiske og politiske løysingar som skapar mindre konflikt i lokalmiljøet og som er meir på naturen sine premissar, fortel prosjektleiar Irmelin Gram-Hanssen. Å utvikle måtar å diskutere på, er òg viktig i forskingsprosjektet.
Uformelle møteplassar har verdi
Forskarane delte tankar om korleis verkstadane hadde gått og kva tilnærmingar og metodar som i best støttar opp om potensialet for å styrke lokalsamfunna, såkalla «transformative» endringar.
– Det er tydeleg at folk gjerne vil bidra til å planlegge og utforme gode stader å bu der dei er meir skjerma frå naturtap og klimaendringar. Samtidig er det vanskeleg å gå frå kunnskapsinnhenting til konkrete tiltak i lokalmiljøet, seier prosjektleiaren.
Eit felles verdigrunnlag fører ikkje automatisk til løysingar som alle er nøgde med, men forskarane ser at fleire uformelle møteplassar får folk til å diskutere meir på tvers av «siloar».
– Dermed lærer dei ikkje berre om korleis klimaendringar og lokal utvikling påverkar andre; dei får òg diskutert hindringar og moglegheiter for å få til handling lokalt.
Løysingar som spelar på lag med naturen
Naturbaserte løysingar er ein sentral del av prosjektet. Konseptet, som er godt etablert i norsk planlegging, handlar om å spele på lag med naturen når ein skal utvikle eit område, planlegg for klimaendringar eller ta vare på naturmangfald. Naturbaserte løysingar kan både tilpasse, førebygge og rette opp att tilstanden i området. Døme på slike løysingar er å opne opp bekker slik at vatnet renn gjennom vegetasjon. Det vil både senke hastigheita og dempe volumet i vassdraget. Eit anna døme er å etablere hagar som kan samle opp regnvatn, eller å plante tre for å skape meir skugge i urbane landskap.
Dei seks ulike casa i prosjektet har heilt forskjellige utgangspunkt. Ved vassdraget Elbro i Spania ser dei på naturen si evne til flaumdemping, medan ein på øya Gotland i Sverige ser på korleis vassforsyninga kan sikrast når dei går tomme for ferskvatn i turistsesongen. I den polske byen Minsk Mazowiecki er målet å gjere noko både med såkalla heteøyar i byen og med flaumrisiko som påverkar bygg og område med viktig kulturarv.
– I Bilbao og Sogndal dreier det seg meir om å styrke forståing og relasjonar mellom ulike grupper av innbyggarar, og mellom menneske og økosystema rundt dei, forklarer Gram-Hanssen.
Lærdommar frå Polens beste by å bu i
Forskarane drog på ekskursjon til nettopp Minsk Mazowiecki utanfor Warsawa, og fekk sjå korleis byen, som har blitt kåra til den beste plassen å bu i Polen, har jobba med sosiale løysingar for å skape eit attraktivt bumiljø. Her fekk teamet god innføring i byens mange sosiale tiltak av både ordførar Marcin Jakubowski og varaordførar Katarzyna Łaziuk.
Men ikkje alt har vore har vore ein strålande suksess i Minsk. Kommunen etablerte ein regnhage ved sidan av minnesmerket etter byens jødar som vart drepne av nazistane under andre verdskrig. Denne regnhagen, som vart planta med gode intensjonar, viste seg å ligge for høgt i terrenget, slik at den ikkje fanga opp så mykje overvatn som ein hadde trudd. I tillegg hadde kommunen planta invaderande framandartar i hagen. På fagspråket kallast slike tabbar i forsøket på klimatilpassing for mistilpassing eller feiltilpassing.
– Slike feil må ein lære av, seier Mari Hanssen Korsbrekke, som òg deltok på ekskursjonen.
Hodlekve tema i Polen
Planprosessen i utfartsområdet Hodlekve i Sogndal er det norske caset i prosjektet. Etter å ha gjennomført tre arbeidsverkstadar og to opne folkemøte i Sogndal, har forskarane samla tilrådingane sine til kommunen i ein rapport. Der slår forskarane fast at medverknadsprosessen har sørga for større forståing på tvers av ulike grupper i lokalmiljøet. Å bidra til meir dialog i forkant av planprosessar er viktig for å skape forståing for ulike perspektiv og finne moglege felles verdiar og prinsipp for vegen vidare. Dette har potensiale til å auke aksepten for utfallet blant ulike grupper i samfunnet, heiter det i rapporten.
– Ein del av metodikken handlar om å ta seg tid til å lytte til og forstå seg på medborgarar sin situasjon, og motivasjonen deira for å gjere slik dei gjer, fortel Irmelin Gram-Hanssen.
Eit anna viktig element ho trekker fram, er kunnskap.
– Dei som veit at Hodlekve slit med å få hjula til å gå rundt, har mindre problem med prisane i området enn dei som ikkje er informerte. Dei som har kunnskap om kor stor verdi myrar har som karbonlager og for flaumdemping, er meir villige til å verne slike område, seier Gram-Hanssen.
Rapporten «Framtidas Hodlekve» kan du lese i sin heilskap her.