Vil vi at samfunnet skal endrast gjennom heilskapleg planlegging eller klimakaos?

Øydelagd campingplass
Frå Gol campingsenter etter ekstremvêret "Hans". (Foto: Synnøve S. Beitnes)

- Store samfunnsendringar leidde av ein visjon for eit meir berekraftig og rettferdig samfunn vil gje betre resultat enn store samfunnsendringar som spring ut av eit stadig aukande klimakaos, seier Irmelin Gram-Hanssen, seniorforskar ved Vestlandsforsking. Saman danske, svenske og finske forskarar har ho kartlagt status for klimatilpassing i Norden.

Ekstremvêr i Norge og andre land har prega sommaren og hausten. Trass i at Norge i fleire år har hatt tilpassing til klimaendringane på dagsorden og at kommunane skal sikre samfunnet mot til dømes flaum og skred, viste ekstremvêret “Hans” at behovet for klimatilpassing framleis er stort. Slik er det òg i nabolanda våre.

Likevel er det ikkje meir beredskap eller berre fleire fysiske førebyggingstiltak som skal til, meiner Irmelin Gram-Hanssen. Saman med Carlo Aall, leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking, og kollegaer i Sverige, Finland og Danmark, har ho sett på korleis dei nordiske landa jobbar med nettopp å ruste samfunnet mot meir nedbør og andre utslag av at klimaet endrar seg.

God nok beredskap, for lite førebygging

- Er det noko “Hans” har lært oss, er det at beredskapen i Norge er god, medan det førebyggjande arbeidet for å redusere klimarisikoen er for dårleg, seier Gram-Hanssen. Med utgangspunkt i den nordiske rapporten, meiner forskarane vi må bli meir modige og framoverlente i måten vi nærmar oss klimatilpassing på.

Irmelin Gram-Hanssen
Seniorforskar Irmelin Gram-Hanssen (Foto: Idun A. Husabø)

Eit ledd i dette er å jobbe på ein måte som er meir heilskapleg, både på nasjonalt nivå og i fylke og kommunar.

- Utan ei meir heilskapleg tilnærming, kan einsidig satsing på auka beredskap i arbeidet med klimatilpassing bli del av ein evig negativ spiral i retning av auka sårbarheit for klimaendringar, slår Gram-Hanssen fast. 

Jobbar for isolert med klima

Denne mangelen på heilskap går att i alle dei nordiske landa. Menneska som jobbar med dei ulike sidene ved klimaarbeid, altså klimatilpassing og utsleppsreduksjon, kjenner dårleg til kvarandre og snakkar for lite saman. Denne silo-problematikken er velkjend.

- Tradisjonelt har “Beredskaps-Norge” arbeidd med klimatilpassing, medan “Miljø-Norge” har arbeidd med kutt i klimagassutslepp, og framleis er det slik at miljørørsla er fråverande i debatten om klimatilpassing, seier Aall. Endå mindre samkøyring er det mellom klima og tilgrensande tema, som energiomstilling, vern av naturmangfald og arbeidet med FNs berekraftsmål.  

Meir vinn-vinn

Ein av grunnane til at vi bør jobbe på ein meir heilskapleg måte, er at vi lettare kan unngå konflikt mellom ulike politikkområde. Det opnar òg for fleire vinn-vinn-situasjonar. Som eit døme nemner Carlo Aall tanken om å redusere klimagassutslepp ved å plante granskog på Vestlandet. Skogen skal binde og lagre karbon, men slike granfelt kan samtidig ha negative følgjer for tilpassing: Granskogen kan både auke risikoen for jordskred og minske naturmangfaldet i området, til dømes viss ein plantar i beiteområde som før var rike på artar.

Carlo Aall
Leiande seniorforskar Carlo Aall (Foto: Idun A. Husabø)

- For å jobbe heilskapleg må vi tenke nytt om viktige samfunnsområde, til dømes mobilitet. Bør vi halde fram å importere mesteparten av varene våre frå heile verda? Og når det gjeld forbruk: Skal vi verkeleg halde fram med stadig vekst, spør Aall.

Norge utan klimaråd                     

Dei nordiske landa har ulike sterke og svake sider i sitt arbeid med klimatilpassing, og i rapporten som nyleg kom ut, peiker forskarane òg på at nasjonale klimaråd kan bidra til større heilskap. Dei kan òg bidra til større politisk merksemd. Slike råd finst i mange europeiske land og i alle dei nordiske landa, med eitt unntak:

- Norge skil seg ut ved at vi ikkje har eit slikt råd, seier Gram Hanssen.

Om Norge skulle få eit slikt organ, ville det vere naturleg at det var sett saman av frivillige organisasjonar, interesseorganisasjonar og forskarar og ha eit tydeleg mandat, som å gje råd til Stortinget i klimaspørsmål. Politikkfeltet eit slikt råd skal dekke, burde òg vere tydeleg definert og heller omfatte både tilpassing og utslepp enn å halde seg strengt til utslepp, meiner forskarane.

Flaum etter "Hans", Fagernes
Frå Fagernes sentrum i Valdres etter ekstremvêret "Hans" i august 2023. (Foto: Halvor Dannevig)

For få gulrøter

Nordisk samarbeid

Vestlandsforsking har utført samanlikninga av klimatilpassingsarbeid i dei fem nordiske landa i samarbeid med Stockholm Environment Institute, Danmarks Tekniske Universitet og Helsingfors universitet.

Oppdragsgjevaren er Nordisk ministerråd.

Ingen av dei nordiske landa har noko særleg å vise til når det gjeld økonomiske insentiv som kan motivere kommunar til fleire førebyggande tiltak, som å ruste opp bilvegar og sikre bustadfelt mot farer som styrtregn, flaum og skred. 

Norge har rett nok svært gode forsikringsordningar for å kompensere for skader oppstått etter hendingar som “Hans”, sett i internasjonal samanheng. Likevel er ikkje ordningane tilstrekkelege når det gjeld å stimulere kommunane til førebygging. I verste fall kan ordningane til og med motverke førebyggande tiltak.

- Dette gjer at det svært viktig å setje av meir pengar til førebyggande tiltak i kommunane i åra som kjem, seier Gram-Hanssen.