Klimaendringar får konsekvensar for tryggleiken til fjells
Kva slags risiko vil ein møte i fjellet i framtida? Forskarar ved Vestlandsforsking skal vere med på å studere korleis klimaendringane endrar risikoen for snøskred og andre farlege hendingar i høgfjellet.
Det nærmar seg påske og høgsesong for ferdsel i fjellområda våre. Trafikken i høgfjellet er aukande – sommar som vinter. Og fjellturisme er ei viktig næring i delar av landet.
Men fjellområda er under endring. Dei er spesielt utsette for konsekvensane av klimaendringane: Høgare temperaturar og endra nedbørsmønster kan føre til endringar i landskapet og auka skredfare som følgje av tap av permafrost, smelting av brear og snøfonner og redusert stabilitet i bratte fjellsider.
Det kan få konsekvensar for tryggleiken til fjells og dermed for fjellturismen – både turistnæringa sjølv, styresmakter og den regionale redningsberedskapen.
Tverrvitskapleg prosjekt
Eit forskingsprosjektet som startar no i vinter, "Landskapsendringar og naturfare ved tap av permafrost, brear og snøfenner. Utfordringar for fjellturisme og fjellredning i Jotunheimen", skal kartleggje utfordringar, utvikle scenario og føreslå strategiar og tiltak for korleis fjellturismen kan stå i mot og tilpasse seg.
– Viktige spørsmål er kva risiko folk til fjells vil møte i framtida og kva endringar i fjellturismesystemet som er naudsynt i eit klima i endring, seier Bjørn Tallak Bakken, førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet (HINN) og ekspert på beredskap, krisehandtering og samfunnssikkerheit.
Prosjektet er tverrvitskapleg og kombinerer naturvitskap, samfunnsfag og brukarinvolvering. Høgkulen i Innlandet er prosjektansvarleg, medan Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning i Lom skal leie prosjektet. Vestlandsforsking deltek saman med Meteorologisk institutt, Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo, Klimapark 2469, Universitetet i Stavanger og Lom kommune.
Farlegare for turgåarar?
Medan naturvitarane i prosjektet skal kartlegge kor og, om mogleg, når ein kan rekne med å oppleve naturfarehendingar i eit område, skal Kristin Løseth og Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking undersøke kor mange folk som ferdast i områda.
– Slik kan vi finne ut om risikoen for steinsprang, skred og liknande faktisk vil auke langs svært populære stiar eller om det helst gjeld område med lite folk, seier Kristin Løseth, seniorforskar innan reiseliv.
Forskarane skal òg sjå på kor godt rusta reiselivsnæringa er til å handtere auka risiko og om dei alt no merkar noko til endringane.
– Vi skal intervjue representantar for reiselivsnæringa om korleis dei ventar at klimaendringane kjem til å påverke dei og slå ut i områda der dei held til. I tillegg skal vi undersøke kva slags kompetanse og evne desse aktørane har til å handtere naturfaren, seier Løseth.
Overførbar kunnskap
Jotunheimen er vald som studieområde sidan klimaendringane blir fort synlege her. Dette er eit avgrensa geografisk område med store høgdeskilnadar frå dalbotnen til tindane. Her finst og lange tidsseriar med målingar og observasjonar av både klima, geologi, vêr og vandring.
Men kunnskapen skal også vere overførbar til andre fjellregionar.
– Vi skal bidra med kunnskap som skal være direkte relevant for fjellturismen. Korleis dei kan legge til rette for ferdsel og gjere tiltak som førebyggjer og reduserer skade, seier prosjektleiar Albert Lunde ved Norsk fjellsenter i Lom og førsteamanuensis i risikostyring og samfunnssikkerheit ved Universitetet i Stavanger.
Det treårige prosjektet skal i fyrste omgang etablere fakta om lokale forhold, som i å oppdatere permafrostkart, utvikle klimascenario og identifisere særskilte fareområde for ulike typar skred i populære ferdselsområde.
Deretter skal dei studere sårbarheit og eksponering for klimarelaterte naturfarehendingar i fjellturismen i Jotunheimen, og vurdere evne og kapasitet hjå turistaktørar og turistar til å handtera naturfare.
Dette skal leie fram til ein strategi for handtering av klimarisiko, med tiltak tilpassa den einskilde aktør for å skape trygg ferdsel i eit landskap i endring.
Artikkelen er skriven av Erlend Moe ved Høgskolen i Innlandet