Årsmelding i ny drakt

årsmelding vf på nett 2023

No kan du lese Vestlandsforsking si årsmelding for 2022 på nettsida vår. Dette er den første heildigitale versjonen av instituttet si årsmelding.
– Vi håpar det vil gjere at fleire les om oss og det vi held på med, seier direktør Anne Karin Hamre.

Den nye måten å presentere nøkkeltal og oversikter over aktiviteten i året som var, er utvikla i samarbeid med selskapet Ramsalt, som står bak instituttet si nettside.

Det nye, digitale oppsettet består av ei framside og ni undersider. Frå framsida er det få klikk til informasjonen du er ute etter – til dømes om vitskaplege publikasjonar, prosjektaktivitet, populærvitskapleg formidling og årsrekneskap.

– Oppsettet er enkelt og tilgjengeleg. Vi håpar det vil gjere at fleire les om oss og det vi held på med, seier direktør Anne Karin Hamre.

Publiserer mykje

For akademiske institusjonar som Vestlandsforsking, er det særleg ei oversikt som betyr mykje: vitskapleg publisering. Det gledelege med desse tala, er at dei har utvikla seg svært positivt dei siste åra.

I 2022 kunne instituttet skilte med 43 vitskaplege publikasjonar med forfattar som er tilsett eller har ei tilknyting til Vestlandsforsking. Publiseringsaktiviteten har auka, med 1,34 publiseringspoeng per forskarårsverk i 2022, mot 1,16 poeng i 2021.

skrivedag hilde 2022
Forskingsleiar Hilde G. Corneliussen er blant dei som publiserer mykje ved Vestlandsforsking. Her frå eit kurs i vitskapleg publisering i 2022. (Foto: Idun A. Husabø)

– Vi er veldig godt nøgde med aktiviteten på feltet teknologi og samfunn. Fleire publiserer enn før, og fleire av forskarane publiserer meir enn før, seier forskingsleiar Hilde G. Corneliussen. Ho trur mykje av forklaringa ligg i at instituttet har tilbydd kurs i vitskapleg skriving og at leiinga har framheva kor viktig det er å publisere funna sine.

Halvor Dannevig, som er forskingsleiar for klima og miljø, ser og ein større tendens til at fleire forskarar ved instituttet går saman om å skrive om funna sine og få dei publiserte i vitskaplege tidsskrift.

– Vi legg vekt på at alle som har bidrege i eit forskingsprosjekt òg får høve til å bidra i vitskapleg publisering, seier han.

To store forskingsprosjekt

Prosjektaktiviteten ved instituttet er òg høg, og i 2022 fekk instituttet tildelt to store forskingsprosjekt med finansiering frå Noregs forskingsråd: energi- og klimaprosjektet SusRenew og teknologiprosjektet Socyti. Begge er leia frå Vestlandsforsking, av høvesvis Carlo Aall og Rajendra Akerkar.

Det første prosjektet handlar om energi og ser på risikobiletet i eit samfunn basert på ein høg andel fornybar energi. Samarbeidspartnarane er Norce Klima, Sintef, Institutt for energiteknikk, og Universitetet i Aalborg. Tara Botnen Holm ved Vestlandforsking tek ein doktorgrad som del av prosjektet.

Les meir om SusRenew: «Stort energiprosjekt med nytt doktorgradsstipend»

Socyti-prosjektet føyer seg inn i rekka over store forskingsprosjekt leia av Rajedra Akerkar der målet er å bruke ny teknologi til å løyse store samfunnsutfordringar, til dømes knytt til beredskap og kriser. Denne gongen er temaet er førebygging av netthets og hatprat ved hjelp av kunstig intelligens og stordata. Budsjettet er på heile 19 millionar kroner, som plasserer det høgt på lista over store fou-prosjekt leia av Vestlandsforsking gjennom nesten 40 år.

Les meir om Socyti: «Skal hindre netthets og hatprat med nye metodar»