UNCHAIN presentert på eit ERANET AXIS-møte

Axis

UNCHAIN-prosjektet vart presentert på eit oppstartsmøte for alle prosjekta som har fått løyvd midlar frå den siste ERANET AXIS-utlysinga.

axis 2

The ERA-NET Consortium AXIS (Assessment of Cross(X) - sectoral climate Impacts and pathways for Sustainable transformation) vart oppretta for å fremme forsking på tvers av grenser og samfunn og har som overordna mål at koherens, integrering og robusthet skal bli betre innan forsking på klimaeffektar. Ein vil òg kople denne forskinga til samfunnsbehov.

AXIS er ein del av Joint Programming Initiative "Connecting Climate Knowledge for Europe" (JPI Climate). Dette er eit europeisk mellomstatlig initiativ som samlar europeiske land i forsøka deira på å samordne klimaforsking og finansiere nye transnasjonale forskingsinitiativ som gir nyttig klimakunnskap og tenester for klimatiltak etter COP21.

I den siste AXIS-utlysninga fekk 10 prosjekt finansiering. Blant dei er UNCHAIN-prosjektet, som er ​​leidd av Vestlandsforsking.

Alle desse prosjekta var inkluderte på agendaen til AXIS sitt kick-off-møte og presenterte i november 2019 i Brussel.

Carlo Aall frå Vestlandsforsking, som leiar prosjektet, presenterte lysbilete per videolink. I Brussel var UNCHAIN-konsortiet representert av Adeline Cauchy (Ramboll France) som presenterte ein poster med forklaring av konteksten og tilnærminga til prosjektet.