Er fleirbruk av utmark mogeleg utan konflikt?
Frå venstre: Torkjel Kristiansen Solbraa, Agnes Brude Engeset og Eivind Brendehaug.

Det treårige prosjektet Forvaltningssystem for fleirbruk av utmark hadde formidlingsseminar i Sogndal 5. juni med framlegging av resultat frå prosjektet. Det var 24 deltakarar på konferansen frå kommunar, frivillige organisasjonar, skular, reiseliv og grunneigarar.
Sjå program lenger ned for presentasjonar

Seminar

Samandrag om prosjekt og resultat

På formidlingsseminaret understreka forskarane betydninga av dialog og tidleg kontakt mot grunneigarane om ein ynskjer å legge til rette for stisykling eller anna aktivitet. Det vil gjere det lettare å få eit positivt svar. Samstundes viste forskarane til at kommunane har høve til å gi frivillege lag løyve til merking og enkel rydding av stiar, men at det er alltid er best å prøve å få i stand frivillige avtalar med grunneigar først.

I Gloppen har Trivselsskogen skapt eit stort engasjement både for tilrettelegging av ulike aktivitetar og for uteliv hos innbyggjarane. I Luster har kommunen rusta opp stien til Molden, den mest besøkte vandringsturen for turistar i Sogn, slik at den toler mykje ferdsel. På Kaupanger gjer dialogen mellom grunneigarane, idrettslaget og Sogn terrengsykkel at alle tilpassar seg og gir grunnlag for kombinert bruk. Dette kan du sjå og lese meir om i presentasjonane frå dei tre case-studiane.

Ved prosjektstart i 2016 hadde dei tre kommunane Gloppen, Luster og Sogndal mål om å utvikle stisykling som ein reiselivsstrategi. Tre år seinare er det berre Gloppen som held fast på denne strategien, mens Luster er avventande til stisykling som reiselivsprodukt og på Kaupanger vil Sogndal kommune avgrense stisykling til ein attraktivitet for bulyst. I presentasjonen «analyse på tvers» kan du lese om to modellar for utvikling av fleirbruk, ein utviklingsstrategi og ein konfliktløysingsstrategi, avhengig av utgangspunktet for fleirbruk i kommunen.

Prosjektet var finansiert av Regionalt Forskingsfond Vest.

Korleis legge til rette for mangfaldig friluftslivsbruk i utmark utan store konfliktar?

Formidlingsseminar frå forskingsprosjektet Forvaltningssystem for fleirbruk av utmark.

Arrangør: Sogndal kommune og Vestlandsforsking.

Stad: Sogndal Quality hotell 5. juni 2019. Kl. 10:00–15:30

Program