Om Vestlandsforsking

test
Fosshaugane Campus, Foto: Falkeblikk AS

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking- og utviklingsoppdrag for næringsliv og offentleg sektor. Vi arbeider med forsking innan klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Vi utfører tverrfagleg bruksretta forsking, og vi er på den regionale, nasjonale og internasjonale FoU-arenaen. Ved instituttet er det om lag 30 tilsette og årsomsetnaden er om lag 25 mill. kr. Vi held til på Fosshaugane Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane.

Overordna mål

Vestlandsforsking er eit regionalt forankra forskingsinstitutt på den nasjonale og internasjonale FoU-arenaen. Vi leverer kunnskap som møter samfunnsutfordringar og bidreg til innovasjon og berekraftig utvikling.

Visjon

Kunnskap for eit ope og berekraftig samfunn.

Verdigrunnlag

Vidsynt - Vi er i fagleg front, engasjerte, nysgjerrige, kreative, nyttar ulike fagdisiplinar og er opne for ulike perspektiv.

Ansvarleg - Vi utfører forsking på høgt internasjonalt nivå som er relevant for oppdragsgjevarane.

Samarbeidsvillig - Vi er opne i møte med andre og vi opptekne av å bidra til gode løysingar.

Finansiering

Prosjektinntektene finansierer den ordinære drifta i Vestlandsforsking. Tilskot i form av grunnløyvingar blir nytta til strategisk fagleg utvikling og kvalitetssikring. Ved etableringa av stiftinga 13. mars 1985 av Sogn og Fjordane fylkeskommune gjekk fylkeskommunen, Kommunaldepartementet og 62 bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket inn med eit grunnfond på 4 mill. kr.

Organisering

Instituttet er organisert som stifting og blir leia av eit styre samansett av sju medlemer. Sogn og Fjordane fylkeskommune vel fleirtalet av desse, medan Norges Forskningsråd vel eitt medlem. Styreleiar er Trude Brosvik. Merete Lunde er direktør og ivaretek den daglege leiinga av instituttet. Forskingsområda er organiserte tematisk og leia av forskingsleiarar og administrative gruppeleiarar.

Kvalitetssikring

Kvalitetssikring skjer gjennom fagleg rettleiing og kontroll, og ved eit eige internt system for kvalitetssikring av prosjektgjennomføringa.