Personleg råd og hjelp reduserer talet redningaksjonar
Stadig fleire redningsaksjonar har blitt utført på dei mest populære fjelldestinasjonane i landet dei siste åra. I denne artikkelen presenterer vi statistikk over alle redningsaksjonar, både helseoppdrag og søk- og redning, på Trolltunga, Preikestolen, Kjerag, Besseggen og Nigardsbreen i perioden 2014-2017. Analysen har som mål å svare på om tilrettelegging og tryggingstiltak sett i verk på destinasjonane har bidrege til å redusere talet redningsaksjonar.