Kronikk
Id:
Desember 2020
Utgjevar:
Nationen.no
Tidsskrift:
Motkultur

Smarttelefonen gjer liva våre enklare, men har ei skuggeside som både forbrukarar og styresmakter bør kjenne til. Dei fleste av oss bruker ein heil del tid på mobilen. Med den kan vi gjere nesten alt, og teknologien blir stadig betre.

I dag kjøper eit gjennomsnittleg norsk hushald ein ny mobil i året, og det er lite snakk om kva det har å seie for klima og miljø. Kor mykje veit du om utsleppa mobilen din fører til i løpet av sitt korte liv?