Kva er berekraftig utvikling eigentleg?
FNs berekraftsmål vart vedtatt i 2015 som del av 2030-agendaen for berekraftig utvikling, og representerer universelle mål som alle land har forplikta seg til å innfri innan 2030.
I mange land blir det no arbeidd med å finne ut korleis ein skal omsette berekraftmåla i handling på lokalt nivå. Med den breie innretninga berekraftmåla har melder spørsmålet seg naturleg om berekraftig utvikling er i ferd med å bli det same som ‘politikk’? På årets Kontrollutvalskonferanse tok Calo Aall til ordet for at vi må avgrense, ikkje utvide berekraftomgrepet, for dermed å ha noko konkret å styre etter.