Kan me tene pengar på kunnskapsturisten? Bre Fjord og gamle bøker: Kunnskap for å snu bokdød i Fjerland

Foredrag
Id:
Nov 2019

Turistbygda Fjærland står sterkt i reiselivet, men må møta nye trendar og nye turistgrupper med kunnskap for å bli eit godt vertskap og auke inntening og omsetnad i dei mange små reiselivsverksemdene. Den norske bokbyen i Fjærland er ein unik attraksjon som må, saman med andre reiselivsbedrifter i bygda, finne innovative løysinar, slik at dei kan klara å oppnå framtidige mål om inntening. Bruk av forskingsmetodikk skal redusera risikoen for feilsatsingar og hjelpe Bokbyen å komme ut av krise. 

Vestlandsforsking gjennomførte et FoU-forprosjekt for Bokbyen i Fjærland med økonomisk støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune for å finne ut kva som er dei kritiske innsatsfaktorane, og kva som er nødvendig for å oppnå auka besøkstala og omsetjing i bokbyen i Fjærland. For å få bakgrunnskunnskap ble det gjennomført ein undersøking basert på eit modifisert forsking verktøy (SERVPERF) med gjester og lokale befolkninga i Fjærland, som spesifikt tok for seg moglege problemområde. Spørjeskjemaet var tilgjengeleg online og i papirversjon på kontorene til prosjektpartnarane: Den norske bokbyen, Norsk Bremuseum, Fjærland Guiding, Fjærland Joker og Fjærland Fjordstue Hotell. Undersøkinga saman med observasjon og intervju av prosjektpartnarane bidrog til problemanalyse og utvikling av moglege løysningar.