Evaluering av pilotar i prosjektet velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane: eit prosjekt for å etablere lokal erfaring med velferdsteknologi

Rapport
Id:
2016-8

Fase 2 av fylkesprosjektet "Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane" starta våren 2015. Med tittelen "Praksisnær kunnskapsutvikling og innovasjon i kommunane si pleie- og omsorgsteneste" var målet å etablere konkret kunnskap gjennom utviklingsprosjekt knytt til velferdsteknologi. Fase 2 har hatt fem delprosjekt, eller pilotar:

  1. Felles kunnskapsutvikling for alle kommunane
  2. Ressursgruppe for kommunal utbygging og velferdsteknologi
  3. Tryggleikspakkar
  4. Meistring av eigen medisinering
  5. Aktivisering med sykkel og video

Denne rapporten evaluerer punkt 3, 4 og 5 på lista.