Rapport
Id:
2003-7

Vestlandsforsking fekk hausten 2002 i oppdrag av Kommunenes Sentralforbund å evaluera tenesta LivsIT. Evalueringa skulle særleg ta utgangspunkt i dei pilotinstallasjonane som var gjort i utvalde kommunar. Evalueringa viser at den grunnleggjande idéen bak LivsIT er god og prosjektet er difor svært interessant. Det er nyskapande både fordi det er eit av dei første storskala forsøka på å ta i bruk
metadata i offentleg internett-informasjon, også utanfor Norge. Det er også nyskapande ved at informasjonsmengda blir sett med utgangspunkt i kommunen.

Evalueringa viser at LivsIT-prosjektet er problematisk i høve statleg informasjonsmengd. Her er ikkje metodane gode nok og planar for dette området manglar. Det kan førast tilbake til ei manglande forankring av prosjektet på høgare hald ; både i Statskonsult og på departementsnivå.

LivsIT-hierarkiet har enkelte svake sider som må rettast før prosjektet eventuelt blir skalert opp i stort format. Det same gjeld den tekniske løysinga der enkelte grunnleggjande problemstillingar må gjennomdrøftast før prosjektet blir utvida.

rapport7-03.pdf (1.13 MB)