Bærekraftig eller «berre kraftig» økonomi – det er spørsmålet!
Carlo Aall har laga ei omtale av ei bok om økonomisk vekst i Tidsskrift for samfunnsforsking. Boka "Bærekraftig økonomi. Innsikter frå økologisk og institusjonell økonomi", skriven av professor emeritus Arild Vatn ved NMBU og utgjeve på Fagbokforlaget. Med denne boka føyer forfattar Arild Vatn seg til den stadig aukande gruppa av økonomar, som tar til orde for at verda må definera «utvikling» til noko anna enn «økonomisk vekst».