VRI4 - mobilisering til FoU innan tema teknologi og IT
Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Næring- og kulturavdelinga har tildelt Vestlandsforsking ei av tre rollar som kompetansemeklarar ut året 2019 i prosjekt: Mobilisering til forskingsbasert innovasjon i Sogn og Fjordane 2017- 2019. (VRI4). Dei nye rollane skal rette seg mot bedrifter som driv innovasjon innan teknologi og IKT i Sogn og Fjordane. Dei tre som no er tildelt rollane, Vestlandsforsking, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Segel AS, skal samarbeide tett. Kompetansemekling er ein aktivitet der kompetansemeklaren/ FoU-miljø yter hjelp til bedrifter og offentlege verksemder med å finna fram til rett FoU-kompetanse for utviklingsprosjekt. VRI4 er forankra i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014- 2025.
VRI4 Sogn og Fjordane har no seks tematiske satsingsområde:
- Fornybar energi
- Landbruk
- Reiseliv
- Sjømatnæringar (Havbruk og fiskeri)
- Kunnskapsnæringar (KIFI) - indirekte via FoU-startpakken
- Teknologi og IKT
Slik arbeidar ein kompetansemeklar
- Kartlegga og identifisera bedrifter med sikte på å avdekke behov og moglegheiter for FoU-prosjekt, for deretter å kontakta/oppsøkja desse.
- Informera om moglege støtteordningar.
- Kopla bedrifta saman med FoU-miljø og forskar, som kan gjennomføra FoU-prosjektet.
- Hjelpe bedrifta, eventuelle partnarar og forskaren med å lage søknad om FoU-støtte.
- Halda seg informert om framdrifta av FoU-prosjektet.
- Hjelpe til med å finna fram til aktuelle FoU-program for vidare FoU.
I tillegg er det forventa at kompetansemeklaren tek initiativ til nettverksmøte, som er kreative samlingar med føremål kunnskapsdeling, nettverksbygging og/eller idèutvikling. Målet med nettverksmøte er som regel å mobilisera fleire bedrifter og forskingsmiljø til å finna løysingar på problem aktørane kan ha, kvar for seg eller felles.