Falske nyheiter og netthets blir tema i nytt stordataprosjekt
Rask avdekking av falske nyheiter og hatefulle ytringar på nett er blant det stordataforskarane ved Vestlandsforsking skal forske på i eit nytt, internasjonalt samarbeid med fagmiljø i India, Japan, Kina, Hong Kong og USA. Toppmiljøa i prosjektet skal dele kunnskap og nye metodar med kvarandre og innvie studentar i forskingsfronten.
Trass hindringane koronapandemien har skapt, går stordata-forskarane ved Vestlandsforsking i gang med eit samarbeid som har mobilitet og internasjonalt samarbeid som kjerne.
– Mykje er usikkert på grunn av covid-19, men vi håpar å få gjennomført konferansar, arbeidsverkstader, gjesteførelesingar og utveksling av forskarar og doktorgradsstudentar over lengre periodar, seier prosjektleiar Rajendra Akerkar. Han er professor og seniorforskar ved Vestlandsforsking og har i mange år leia forskinga på stordata – det vil seie datasett som er omfattande og komplekse, men som med avansert prosessering kan utnyttast på ulike samfunnsområde.
Fange opp netthat
Eit forskingstema som er aktuelt for det internasjonale samarbeidsprosjektet, er avdekking av falske nyheiter på nettet. For raskare å kunne fange opp og avsløre falske nyheiter, kan forskarane til dømes betre metodane for å analysere trekk ved avsendaren og avgjere om han på ein eller annan måte framstår som suspekt.
Kriteriesettet kan til dømes innehalde punkt som følgjarar: Kva slags følgjarskare har profilen som spreier desse innlegga på sosiale mediium, og er følgjarane reelle?
– Vi ser ei veksande interesse for å fange opp hatefulle ytringar på nettet – nettmobbing, netthets og falske nyheiter, seier Akerkar. I prosjektet skal han og forskarar i dei andre fagmiljøa undersøke korleis «verstingane» går fram – altså dei som spreier hatmeldingar og oppfordrar til vald via sosiale medium.
– Det vi tek sikte på å utvikle, er altså metodar som effektivt og automatisk kan finne og stoppe desse aktørane, forklarer professoren.
EU-prosjekt var inngangsbilletten
Forskingsgruppa for stordata ved Vestlandsforsking har dei siste sju åra leia og gjennomført fleire EU-prosjekt på området sitt. Det gjer at Akerkar og kollegaene hans oppfyller eit viktig vilkår for å søke finansiering frå INTPART – eit program Forskingsrådet og Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) brukar til å støtte norske fagmiljø som vil etablere, bygge og halde ved like «strategiske partnarskap av framifrå kvalitet» med fagmiljø i utvalde land.
Av desse har Vestlandsforsking fått med institusjonar i India, Japan, Kina, Hong Kong og USA. I tillegg deltek folk frå faget informasjonsteknologi ved Høgskulen på Vestlandet.
Kvar sine ekspertområde
Den japanske samarbeidsparten er det største informatikk-instituttet i Japan, som alt har eit formelt samarbeid gåande med det kinesiske universitetet i prosjektet.
Den indiske samarbeidsparten, IIT Indore, er eitt av India sine 23 statlege teknologiinstitutt, der dyktige studentar konkurrerer om stipend til vidare studiar ved amerikanske universitet som George Mason og San Diego State.
– Indarane i samarbeidet er i front når det gjeld "tingas internett" (Internet of Things - IoT), altså teknologi for å kople saman gjenstandar og styre dei gjennom eit nettverk, forklarer Akerkar.
Falske nyheiter og flaum
Både stordata, sosiale medium og kunstig intelligens er teknologiar fagfolk kallar «disruptive»: nyskapingar som skil seg kraftig frå det beståande. Alt forskarane skal utveksle kunnskap om i det nye prosjektet, ligg innafor dette feltet.
Eit anna viktig nøkkelord for denne forskinga er «resiliens», altså evna eit system eller individ har til å handtere risiko av eit visst omfang. Rajendra Akerkar og kollegaene hans jobbar med resiliens og risiko knytt til både infrastruktur, organisasjonar og lokalsamfunn.
– Slik sett kan samarbeidet vårt komme til å romme så ulike tema som falske nyheiter og flaum, forklarer Akerkar.
Lærdom frå kriser
Store flaumhendingar nær folk, som flaumen i Odda og Flåm i 2014, er kjenneteikna ved at det skjer mykje på ein gong, også når det gjeld kommunikasjon og datatrafikk. Dette gjer hendingane interessante for stordata-analytikarar. Datasett frå slike tidsrom gir nemleg innblikk i korleis ei krise artar og utviklar seg.
Stordataforskarane har i tidlegare prosjekt sett på korleis offentlege aktørar kan hauste erfaringar frå handteringa av krisene. Stordata kan i denne samanhengen kome frå ei rekkje kjelder, som meteorologi, sosiale medium, ulike slags sensorar og trafikkdata.
– Også digital erfaringshausting kan vere nyttig for dei som tek avgjerder om framtidas beredskap, til dømes direktorat og andre offentlege aktørar, seier Akerkar.
Han ser fram til å gå vidare med dette og andre forskingstema saman med dei internasjonale fagmiljøa.
– Det føregår mange forskingsprosessar på diverse uløyste problem innan forskingsfeltet vårt. Med den samarbeid som det INTPART-midlane gir rom for, oppnår vi både å lære av kvarandre og styrke vår eigen kompetanse, samtidig som vi kan tilby studentar eit glimt av det som skjer på forskingsfronten, seier Akerkar.
Det nye samarbeidsprosjektet har tittelen Transnational Partnership for Excellent Research and Education in Disruptive Technologies for a Resilient Future og startar opp i oktober 2020.
Les meir om stordataforskinga ved Vestlandsforsking her