Rewarding and Recognition for Energy Conserving Driving, Vehicle procurement and maintenance

RECODRIVE er eit akronym for Rewarding and Recognition for Energy Conserving Driving, Vehicle procurement and maintenance. Prosjektet skal bidra til ein "bærekraftig flåteadministrasjon" gjennom å ta opp i seg eksisterande initiativ knytt til flåteadministrasjon, logistikk, vedlikehald og økokøyring. Flåteverksemdene som er "case" i prosjektet skal demonstrere og prøve ut ulike tiltak for berekraftig flåteadministrasjon.

Primærmålgruppa i RECODRIVE er flåteoperatørar som til dømes offentlege transportbedrifter, private flåteverksemder eller kommunale service- og tenestekøyretøy.  Konkret vil prosjektet vende seg til demonstrasjonsbedriftene sine sjåførar, innkjøpsavdelingar og vedlikehaldspersonell.  Her vil det og bli utvikla belønningssystem for energisparing.

Prosjektet har som siktemål at resultata frå utprøvinga skal bidra til energisparing også i andre flåteverksemder og blant privatbilistar. Dette skjer gjennom at prosjektet kan bidra med å prøve ut tiltak og bygge opp gode argument for økokøyring, vedlikehald og logistikkoptimalisering.  Formidling av resultata skjer blant anna gjennom flyers, nyheitsbrev, e-post-oppdateringar, web-side, deltaking i workshops og konferansar. Prosjektet har ein varigheit på 30 månadar og inneheld sju arbeidspakkar.

Recodrive - eu

Film om Recodrive laga av elever ved Sogndal vidaregåande skule

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
EU-kommisjonen
Prosjektnummer:
6102