Elevar med informasjonsfilm om EU-prosjekt

To elevar frå Sogndal vidaregåande skule, Sondre Dalaker og Kristoffer Nedrehegg, var på eit spennande oppdrag i Bergen sist veke.  På oppdrag for Vestlandsforsking har dei laga ein informasjonsfilm om RECODRIVE.

RECODRIVE er eit EU-finansiert prosjekt der målet er å redusere bruken av drivstoff, m.a. ved å sjå på logistikk, vedlikehald, økokøyring m.m. Dei to elevane har gjort opptak fleire stader i Bergen og Busselskapet Tide er mellom dei som medverkar i filmen.

No står det att å redigere filmen og få den klar til den skal leggast ut på nettsida til prosjektet og presenterast på ein konferanse i Slovenia i februar.

Vestlandsforsking er svært nøgd med resultatet og med arbeidet til dei to elevane.