Nye forvaltningsmodellar for forvaltning av større verneområde - Forprosjekt
Forprosjektet skal avklare organisering og innholdet i eit hovudprosjekt om utvikling og utprøving av nye modellar for forvaltning av større verneområde. Eit tentativt overordna mål for hovudprosjektet er å utvikle modellar for systematisk å styrke den lokale medverknaden i forvaltning av større verneområde og systematisk legge til rette for ei miljøvenleg næringsutvikling i randsonene til dei same verneområda.
Tentative delmål for hovudprosjektet er å utvikle og prøve ut nye forvaltningsmodellar som kan
- heve kvaliteten på forvaltning av verneverdiar
- auke lokal verdiskaping knytt til ressursane som ligg i dei verna områda
- styrke lokal legitimitet og oppslutning om vernet
Aktuelle caseområde i Sogn og Fjordane er Mørkridsdalen (nyleg starta arbeid med nasjonalpark/landskapsvernområde) og Aurland (nyleg starta arbeid med å utvikle ein norsk modell for regionalparkar).
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
The Research Council of Norway
Prosjektnummer:
6061
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: