Fleirbruk av Kaupangerhalvøya
Hovudmålet med FOU-prosjektet er å utvikle kunnskap, metode og tiltak for samordna arealbruk i utmark mellom jakt og ulike former for friluftsliv for å redusere konfliktar og styrke lokal verdiskaping.
Prosjektet skal (delmål):
- Få fram kunnskap om bruken og brukarar av området i dag og dei viktigaste endringane i bruken dei siste 25 åra. Få fram kunnskap om korleis jakt, vandring, stisykling og anna friluftslivsaktivitet påverkar kvarandre, kva som er gjort for å førebygge konfliktar tidlegare og i kva grad tiltaka har hatt effekt
- Utvikle ein metode og tiltak for å skape ein samordna arealbruk av utmarka
- Teste effekten av tiltaka (og metoden) på bruken og brukarane gjennom eit pilotforsøk
- Implementere metoden og tiltaka i arealplansystemet og utvikle organisatoriske løysingar for å forankre metoden i kommuneorganisasjonen
- Dokumentere og publisere resultata frå alle delmål til brukarane og ålmenta
Vi skal nå desse måla ved å gjennomføre ein dialogprosess med representantar frå brukarane av utmarka, utvikle metode og tiltak for samordna bruk, teste effekten av tiltaka/metoden i felt, revidere tiltak og metode og implementere systemet hos brukarane og i kommunen
Prosjektet har eigen prosjektnettstad på prosjekt.vestforsk.no/fleirbruk.
I media: artikkel i forskning.no (mars 2020)
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogndal kommune
Prosjektnummer:
6364
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):
Aktuelt: