Distriktskommunar og berekraftig utvikling

Distriktssenteret har invitert tre norske forskingsmiljø, mellom dei Vestlandsforsking, til å utarbeide eit notat og delta i ein arbeidsverkstad som skal ta for seg korleis distriktskommunar kan arbeide med berekraftig utvikling. Spørsmål som vert reist er kva som er viktige føresetnader for at små kommunar med utgangspunkt i stadbundne natur- og kulturressursar kan arbeide heilskapleg med berekraftig utvikling; kva føringar, utfordringar og utviklingspotensial kan FN sine berekraftsmål gje spesielt for små norske distriktskommunar; og korleis kan nasjonal politikk i samspel med fylkeskommunane bidra til å styrke distriktskommunane i dette arbeidet.

Presentasjon av prosjektet:

Blogginnlegg frå Distriktssenteret

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Distriktssenteret
Prosjektnummer:
6552
Prosjektleiar:
Seniorforskar