Berekraftig omstilling- med teknologi som respons på sesongvariasjoner i reiselivet

Dette forprosjektet handlar om temaområde «grøn gjenoppbygging av reiselivet etter pandemien» og vil vera eit stort bidrag der med relevant forsking og utvikling som vil ha stor overføringsverdi til resten av reiselivsnæringa på Vestlandet og Norge elles.

Kongevegen over Filefjell (heretter omtala som KOF) er eit samvirkeføretak med 44 verksemder. Føretaket blei etablert i 2016 og har sidan dess vokse frå 2 kommunar til 4 kommunar og frå 15 til 44 verksemder. 85% av verksemdene er lokalisert i Lærdal og dagleg leiar blir innleigd frå si verksemd i Lærdal. KOF og deira verksemder har utfordring med å tilby heilårstilbod og heilårsdrift. Dette forprosjektet kan derfor vere med å løyse utfordringa med å få fram ny kunnskap kring teknologi og reiseliv og korleis teknologi kan vere respons på heilårsdrift. Vidare korleis teknologi kan gje nye produkt og nye marknadar, som i sin tur legg til rette for heilårsdrift og på ein berekraftig måte.

Den overordna problemstillinga blir derfor: korleis kan teknologi jamne ut sesongvariasjonar på destinasjonar som Kongevegen over Filefjell for å bidra til betre lønnsemd og heilårsdrift? Døme på teknologi kan vere VR og KI.

Vestlandsforsking sin nøkkelrolle er å utføre forskning basert på data samlet fra prosjekteier (KOF). 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Vestland fylkeskommune
I samarbeid med:
Kongevegen over filefjell AS, HVL
Prosjektnummer:
6678