Antropolog i Arktis: – Kjempeviktig at antropologien er med i klimaomstillinga

– Norge er eit fint land å bu i, og eg elskar naturen her, seier Alexandra. Med seg har ho kjærasten Alex frå Colorado i USA, som ho møtte då han jobba med skredgjerde på Svalbard. – Vi vurderte Tromsø, men Sogndal dukka opp i ulike samanhengar, og eg hadde høyrt om Noradapt og lese ein del artiklar av forskarar ved Vestlandsforsking, så eg visste kven folka var, forklarer ho. Foto: Idun A. Husabø
Pandemien tømde Svalbard for tilreisande, men blant dei få som blei verande, var Alexandra Meyer, Vestlandsforsking sitt nyaste tilskot. Slik vart det korte feltarbeidet til ein doktorgrad om korleis innbyggarane på Norge sin arktiske utpost lever medan samfunnet og naturen rundt dei går gjennom store endringar.
– Etter mitt syn er det kjempeviktig at antropologien er med i klimaomstillinga, seier Alexandra.
– På Svalbard er alt ekstremt. Det er ein nydeleg, men også heilt absurd stad, seier Alexandra Meyer. I fleire år har ho budd og jobba i Longyearbyen, mellom steile fjellsider og Adventfjorden. Der fekk ho ei kjensle av dei store endringane øysamfunnet går gjennom, med utfasinga av kolgruvene til Store Norske, rask økonomisk omstrukturering og oppskalering av turisme og forsking, på eit bakteppe av raske klimaendringar og geopolitisk uro.
– Svalbard går gjennom svære endringar. Felles for desse endringane er at dei kjem frå ein annan stad, men rammar der, seier Alexandra.

Klimaendringane er ei nærliggande bekymring for alle som bur på Svalbard no. Oppvarminga går raskare der enn andre stader på jorda. Difor var det òg eit naturleg spor å gå vidare med for sosialantropologen.
– Kvar sommar sidan eg kom dit, har det vore varmare enn åra før, fortel ho.
Gjennom forskinga si i nordområda har ho møtt fleire av klima- og miljøforskarane frå Vestlandsforsking, som saman med Nordlandsforskning har samarbeidd med reiselivet i Longyearbyen om tilpassing til klimaendringar.
Forskingsleiar Halvor Dannevig blei først obs på Alexandra gjennom Svalbard Social Science Initiative, eit nettverk for samfunnsforskarar som arbeider med eller på Svalbard.
– Alexandra var med på å starte dette nettverket, og det vitna jo om initiativ og høg kapasitet. Ho var dessutan ph.d.-studenten til Peter Schweitzer, ein professor i Wien eg har samarbeidd med i flere år, så då ho spurde om å få vere gjesteforskar hos oss, var vi alt kjende, seier Halvor.
Hausten 2024 kom Alexandra til Sogndal for å prøve livet i vest, og få månader seinare vart ho ein del av klima- og miljøgruppa til Vestlandsforsking. Også sambuaren Alex frå Colorado i USA er no plass i bygda.
Fram til neste år står Alexandra likevel med den eine foten i den austerrikske universitetsverda, der ho underviser og er postdoc i to internasjonale forskingsprosjekt ved Universitetet i Wien.
Spansk spor til sosialantropologi
På eit vis er ringen slutta med Alexandra på plass i Sogndal. Sjølv om ho har budd og jobba i mange land, er ho vestlending, med norsk mor og tysk far. Dei seks første åra av livet sitt budde Alexandra i Franken, i eitt av Tyskland sine vindistrikt. Då ho skulle byrje på skulen, flytta foreldra til Stavanger. Etter vidaregåande var ho snar med å flytte utanlands att. Planen var å lære seg eit nytt språk, og Alexandra landa på spansk.
– Svalbard går gjennom svære endringar. Felles for desse endringane er at dei kjem frå ein annan stad, men rammar der.
I Córdoba, ein storby nordvest i Argentina, fekk ho arbeid som frivillig på ein ungdomsheim, med losji i ein vertsfamilie som ikkje kunne engelsk. Det gjorde susen for spansken hennar. Året etter tok ho språket i bruk som student i Spania, ved eitt av verdas eldste universitet, i ein by der «heile sentrum er kulturarv». Ved Universidád de Salamanca starta Alexandra med filosofi, før ho fann eit kurs i etnografi som verkeleg vekte interessa.
– Det var meir handfast, og det likte eg. Det var slik eg kom på at kunne bli sosialantropolog, fortel Alexandra.
Måtte prøve i eit anna land
Det er ikkje i alle land sosialantropologar er rikskjendisar som stiller opp i media og engasjerer seg i samfunnsdebatten som den profilerte Thomas Hylland-Eriksen, og i Salamanca gjorde Alexandra ei skuffande oppdaging: I spansk samanheng på den tida var ikkje sosialantropologi rekna som eit humanistisk fag, ikkje ein del av samfunnsvitskapen. Det betydde at ho måtte ta fire år med humaniora for ho kunne ta fatt på faget ho eigentleg ville ta. Tilbake til Norge ville ho nødig, og dermed stod ho utan ein plan, til ho kom på at tysken hennar kunne opne dører, om ho ikkje var for seint ute.
Det var då Wien kom til unnsetning. I byen som har god tid, var ho langt ifrå for sein.
– Der fann eg ut at du kunne møte opp og ta deg god tid til å tenke før du melde deg opp i konkrete fag, fortel Alexandra.
Paradoksalt nok enda ho opp med å finne faget sitt i eit land der sosialantropologi er noko ganske ukjent.
– Eg må ofte forklare, smiler ho.
«Alltid 70 år bak»
Det finst eit ordtak i Austerrike som seier litt om pulsen i Wien: «Når verda går under, så flyttar eg til Wien, for der skjer alt 70 år seinare enn andre stader». Det første som møtte Alexandra i den austerrikske hovudstaden, var òg ein endelaus kø. I ein korridor, dag ut og dag inn, stod studentar frå ulike delar av verda som ville melde seg opp til fag.

Det tok si tid. Kring 2008 hadde internett framleis ikkje funne vegen inn i studieadministrasjonen, og alle måtte pent vente til det var deira tur til å få det fysiske passet der universitetsstudentane for kvart semester skal klistre inn eit nytt merke.
– Vi kunne gå til og frå, men det tok ei veke å få meldt seg opp, ler Alexandra.
Wien opplevde ho som ein fin by som det rett nok tok litt tid å få tak på. Medan du i andre europeiske storbyar kan dra kortet ditt for å betale og bestille via ein app, held kaféane i denne byen på den gamle måten. Aldrande kelnarar tok bestillingar med notatblokk og tok betalt i sedlar og mynt.
– Alt i Wien har patina, seier Alexandra.
Ein raud oase
I Wien lever tunge tradisjonar side om side med ein slåande progressivitet og stort mangfald. Medan resten av Austerrike har gått mot høgre, har Wien halde fram som ein raud oase, kjend for sin sosiale bustadpolitikk. I korte trekk er bustadmassen eigd av byen, leigemarknaden regulert og det finst rikeleg med sosialbustader. Alexandra set òg pris på korleis byen ser ut, eit resultat av at mange bygardar vart reiste på same tid, for litt over 100 år sidan.
– Då bygde dei kjempetett, så det finst få kjøpesenter. Forretningane har hundre år lange leigekontraktar og sel knappar og andre snodigheiter, fortel ho.
Den særeigne langsamheita i Wien betydde òg at du som student kunne ta deg god tid med å kome gjennom graden din, jobbe litt ved sidan av og ta lange feriar.
– Vi hadde stor fridom, mykje tid og lange feriar: ein månads vinterferie og tre månaders sommarferie.
Hadde aldri vore i Arktis
Det var i utgangspunktet ganske tilfeldig at ho som nyutdanna sosialantropolog i ærverdige Wien skulle ende opp med ei arktisk innretning på forskarutdanninga si. Inngangen var eit tilbod om å gjere eit feltarbeid i Longyearbyen, 3300 km unna.
– Eg hadde aldri vore i Arktis før, og hadde eigentleg ingen idé om kva det var. Det første eg gjorde då eg kom til Longyearbyen, var å skrive ned alle dei dumme spørsmåla eg kom på om tema som vatn og avløp og administrasjon, smiler Alexandra.
Friluftsliv hadde ho eit heilt vanleg forhold til – ingenting «ekstremt». På det obligatoriske introkurset ved Universitetssenteret på Svalbard, fekk ho opplæring i alle måtane ein kunne døy på om ein våga seg ut av byen.
– Det tok lang tid før eg våga å gå tur på eiga hand, ler ho.

Foto: privat
Etter kvart skulle ho få rikeleg med høve til å oppleve den arktiske naturen, mellom anna på Edgeøya, der isbjørnar svinsa innom så godt som kvar dag.
Ho lærde seg å setje pris på både dei kvite viddene, somrar der sola berre går i ring midt på himmelen («Du blir litt gal av det») og dei koselege sidene ved polarnatta, månadene der det er så tussmørkt at du knapt skimtar konturane av fjella, før ei tynn strime av lys dukkar opp i horisonten uti januar.
– I mørketida er det rolegare i Longyearbyen. Det er då det sosiale skjer. Det travlaste er våren, «sunny winter», når store skip ankrar opp og hordar med cruiseturistar går rundt i gatene og ser på snøskuterar.
Kritisk til mykje ved Svalbard
Sjølv om ho tenker på Svalbard med nostalgi og lengsel, er ho som samfunnsvitar svært kritisk til samfunnet ho var del av der:
– Det er så mange ting. Det er eit veldig kunstig samfunn, ein slags nybyggarkoloni og eit geopolitisk instrument for Norge. Alt handlar jo mest om å oppretthalde norsk suverenitet der.
Som innbyggar kjende ho òg på ubehag ved miljøaspektet ved å halde eit lokalsamfunn gåande på ein slik stad, med utslaga av klimaendringane såpass tett på – samtidig som turistane strøymde på som aldri før.
Alt handlar jo mest om å oppretthalde norsk suverenitet der.
Alexandra hadde ikkje vore lenge i Longyearbyen før ho la merke til at folk heller ville snakke om dei sosiale ulikskapane mellom befolkningsgruppene i Longyearbyen enn om tema som klimaendringar. Denne sida ved Svalbard-samfunnet fekk ho gå i djupna på i arbeidet med doktorgraden, som ho avla i 2024 med tittelen «Arctic change: an ethnography of entangled climatic and societal transformations in Longyearbyen, Svalbard».
Alexandra fortel at sjølv om Svalbard alltid har vore eit klassesamfunn, med skilje mellom gruvearbeidarar og funksjonærar, har dei økonomiske endringane gjort ulikskapane større. Samfunnet er òg blitt meir internasjonalt, og i dag utgjer dei ikkje-norske 40 prosent av befolkninga. På «botnen» av samfunnet finn ein sørvisarbeidarar frå heile verda, inkludert Sør-Amerika, Thailand og Filippinene.

– Før var Longyearbyen ein «company town» med gode avtalar og forhold for dei som jobba i gruvene. No er det mykje kapitalistisk rovdrift, ikkje minst på grunn av turismen, seier Alexandra. Denne utviklinga toppa seg i åra ho var på Svalbard, og veksten held fram, med 2024 som eit førebels rekordår for reiselivet.
– Kjempeviktig at antropologien er med
Som antropologkollegaene sine ved Vestlandsforsking, er Alexandra vand til å måtte forsvare faget sitt overfor naturvitarar, som gjerne dominerer forskinga på klimaomstilling. Det har ho ikkje alltid tykt var lett.
– Det har faktisk vore sjukt vanskeleg. Naturvitarane og samfunnsvitarane held seg kvar for seg. Dette skiljet er ei stor utfordring ved forsking mellom og på tvers av fagdisiplinar, understrekar Alexandra.
Likevel er ho klar på at tverrfagleg forsking må til når ein skal forske på omstilling til nye klimarealitetar. Ein må snakke med folk og få med den sosiale samanhengen.
– Dei løysingane teknikarane og ingeniørane kjem opp med, dei er ikkje «One size fits all». Vi må spele på dei sidene som er karakteristiske for kvart samfunn, finne ut kven som er vinnarar og taparar i dei ulike omstillingane og sjå på kva rolle makt og diskriminering spelar, seier Alexandra.
– Etter mitt syn er det kjempeviktig at antropologien er med i klimaomstillinga.