Diskuterte korleis det grøne og digitale skiftet påverkar rettferd og likestilling i arbeidslivet

Denne veka møttest forskarar frå forskingsprosjektet Just Transform i Sogndal for å diskutere funn i prosjektet som dreier seg om samspelet mellom det grøne og digitale skiftet i næringslivet. Ti forskarar frå Vestlandsforsking, Norce, Cambridge University og Universität St.Gallen deltok på samlinga.
Norsk økonomi og arbeidsliv står overfor endringsprosessar knytt til det grøne skiftet, og i mange bransjar er digitalisering ein viktig del av løysinga. I forskingsprosjektet Just Transform er det overordna spørsmålet korleis eit kombinert grønt og digitalt skifte, av mange kalla ei "dobbel omstilling", vil påverke arbeidslivet. Kan vi sikre at det blir berekraftig, rettferdig og inkluderande?
Meir polarisering i arbeidslivet

Policy-analytikar Jennifer Castañeda-Navarrete frå IfM Engage ved Universitetet i Cambridge la fram ein dokumentanalyse for deltakarane i prosjektet. Til saman har ho gått gjennom over 100 europeiske policy-dokument for å finne ut korleis internasjonale organisasjonar og nasjonale myndigheiter bur seg på den grøne og digitale omstillinga samfunnet er i gang med.
Forskarane i prosjektet har elles intervjua representantar for fleire internasjonale organisasjonar for å forstå korleis ein snakkar om framtidas arbeidsliv. Jennifer seier at forteljinga om det grøne og digitale skiftet har endra seg. Der ein tidlegare meinte at omstillinga ville føre til omfattande tap av arbeidsplassar, er ein i dag meir bekymra for auka polarisering mellom ulike former for arbeid. Særleg skilnaden mellom såkalla "høg" og "låg" kompetanse i arbeidslivet kan bli større, samstundes med at skiljet mellom dei med låg og dei med mellomhøg kompetanse blir viska ut.
Ei annan form for polarisering er den som oppstår mellom tilsette som klarer å ta i bruk digitale verktøy, til dømes kunstig intelligens, og dei som ikkje gjer det. På sikt vil dei som veit kva for spørsmål dei skal stille kunstig intelligens og som har lært seg rutinar for å bruke desse verktøya, bli mykje meir effektive enn dei som ikkje skaffar seg slike ferdigheiter.
Det grøne demmer opp for robotane
Castañeda-Navarrete fortel at behovet for arbeidstakarar innan fornybar teknologi og omlegging til sirkulære verdikjeder truleg kjem til å demme opp for nedgangen som er venta på grunn av digitalisering. Samstundes kan omstillingsprosessane ha stor innverknad i regionar som har mykje tung industri og høge utslepp. Nye, grøne arbeidsplassar vil ikkje nødvendigvis dukke opp på same stad, til dømes der ei hjørnesteinsbedrift ligg. Analysen viser at dersom ein ikkje førebur seg på omstilling, vil det grøne skiftet – kombinert med auka grad av digitalisering – kunne føre til store omveltingar i visse, utsette lokalsamfunn.
Gilda Seddighi frå Norce og Ragnhild Freng Dale frå Vestlandsforsking presenterte eit anna døme på omstillinga i arbeidslivet, som viser at robotar kan kome til å overta visse typar jobbar. På karbonfangst og -lagringsanlegget Northern Lights i Øygarden, har ein robot ansvar for å passe på at det ikkje oppstår lekkasjar eller andre problem på anlegget. Sjølv om dette sparer operatøren for tallause kontrollrundar, betyr det ikkje at behovet for arbeidskraft vil forsvinne; i staden endrar behovet for kompetanse seg. Der oppgåva før var å fange opp feil ved anlegget gjennom å lytte eller lukte, handlar det no om å tolke store mengder data samla inn av ein robot.
– Mange industriarbeidsplassar kjem til å krevje ein litt annan kompetanse enn før, forklarte forskarane.
Sosial innovasjon gjer verksemder meir robuste
At usikkerheit er ei stor utfordring, var forskarane einige om. Problemet er at vi ikkje veit kva for verktøy og ferdigheiter som trengst i framtida. Til dømes snakkar mange om digitalisering, men det er liten einigheit i kva ein legg i dette omgrepet. Kva type ferdigheiter er det eigentleg vi treng då? Er det å kunne kode eller å greie å ta i bruk data? Er det å kunne bruke nye verktøy eller må ein òg forstå korleis verktøya er programmerte?
Eit viktig omgrep i diskusjonane var «sosial innovasjon», som handlar om korleis ein sikrar effektiv informasjonsflyt mellom menneske, både internt i organisasjonen og i samarbeid med andre.
– Ein føresetnad for at ei verksemd skal kunne nytte seg av ferdigheitene deira medarbeidarar sit på er at andre veit om kva ein kan bidra med, understrekar seniorforskar Joaquin Zenteno Hopp ved Vestlandsforsking. Han fortel at enkle og fleksible former for samarbeid truleg vil bli viktige i framtidas arbeidsliv, både internt i organisasjonar og i samarbeid med eksterne aktørar.

Endring i arbeidsoppgåver kan påverke kjønnsbalansen
Forskarane har òg intervjua sentrale aktørar i industri, innovasjonsmiljø, fagforeiningar og offentleg sektor i Noreg for å forstå folk sitt syn på endringar som heng saman med det grøne og digitale skiftet. Forskarane i Just Transform er særleg opptekne av korleis endringane i arbeidslivet vil verke inn på inkludering og likestilling.
Medan endra kompetansekrav er ei synleg og openberr utfordring, diskuterte forskarane òg korleis slike endringar er samanvevde med faktorar som kjønn, alder, språkkunnskap, kulturell bakgrunn og funksjonshemming.
I intervjua som er gjennomført, kjem det fram at mange selskap ønskjer å legge vekt på ferdigheiter og kompetanse når dei skal tilsette nye medarbeidarar. I praksis kan det bety at dei i liten grad gjer eit aktivt forsøk på å sikre at staben reflekterer stort mangfald i kjønn, alder og etnisitet.

– Dette er eit paradoks. Forsking viser at selskap med stor grad av mangfald, gjerne er meir fleksible og betre rusta for kriser som pandemien, seier Hopp. Ei forklaring er at når arbeidstakarar har litt ulik bakgrunn, har dei tilsette gjerne ulike føresetnader til å støtte kvarandre enn i arbeidsmiljø der alle er "like" og mange har dei same ferdigheitene.
– Vi veit at digitalisering ofte fører med seg skeiv kjønnsbalanse, sidan det framleis er langt fleire menn enn kvinner som har høgare utdanning innan IT, fortel Hilde G. Corneliussen, som er prosjektleiar for Just Transform.
- Men fordi mange av fagområda som er drivarar i grøn omstilling innan industrien òg er mannsdominerte, er det ekstra viktig å overvake situasjonen.
Prosjektleiaren var nøgd med den to dagar lange samlinga i Sogn.
– Vi fekk mange gode diskusjonar, mellom anna om korleis prosjektet vårt kan bidra til auka forståing for at eit inkluderande arbeidsliv bør vere eit mål i den grøne og digitale omstillinga.