Forskarar støttar dei nordlege fylkeskommunane i klimatilpassinga

Lovund
Færre innbyggarar og større utfordringar er ein kombinasjon av samfunns- og klimaendringar som aukar risikoen knytt til klimaendringar i Nordland og Troms i tiåra som kjem. Foto: Kathrine Sørgaard (nord-norge.com)

Vestlandsforsking og Nordlandsforskning leverer kunnskap som skal hjelpe lokalsamfunn i nord med å førebu seg på klimaendringane.
– Det er naturleg, men likevel veldig gledeleg, at det nettopp var desse to fylka som først spurde om hjelp til å analysere klimarisiko, seier Carlo Aall, senterleiar i Noradapt og leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking.

Dei har fjell og hav som tek pusten frå deg, oversiktlege lokalsamfunn og jobbar til dei som vil bu der. Men fylka nord i Noreg har òg mange fellestrekk som gjer dei ekstra sårbare for klimaendringar. Ikkje minst at pilene i samfunnsutviklinga peikar i feil retning.

Alt dette er med i det store reknestykket fylkeskommunane i Nordland og Troms har fått hjelp av forskarar ved to institutt til å setje opp. Svara dei får ut, tilseier at kommunane i nord vil trenge mykje støtte for å bu seg på klimaendringane i åra som kjem. Heldigvis er fylkeskommunane klare til å ta den rolla.

Mest sårbare fylke

Det interessante med akkurat Nordland og Troms er at dei har den klart største klimarisikoen av alle norske fylke. Det viser ei nasjonal kommunerangering utført av Noradapt-tenesta Norsk klimamonitor i 2024.

Kvifor er det slik? 

Distriktsfylka har den mest ugunstige samfunnsutviklinga, med dalande folketal og ei aldrande befolkning. Det er òg i fylke som Nordland, med sine 41 kommunar, at ein må hanskast med ein krevjande kombinasjon av stort areal og lågt folketal. Det betyr travle dagar i administrasjonen og få folk til kvar oppgåve, som igjen kan bety at klimatilpassing kjem langt ned på lista. Det i Nordland og Troms kommunane gjer aller minst for å tilpasse seg eit klima i endring. 

–  Summen av alt dette er at kommunane i nord er mest sårbare for det dei har i vente, forklarer forskar II ved Nordlandsforskning, Bjørn Vidar Vangelsten.

Fisk til tørk
Primærnæringane i nord er sårbare for klimaendringar, ikkje minst fordi endringane går mykje raskare i denne delen av verda enn andre stader. Foto: Terje Bakke

Bodø blir som København

I tillegg er det slik at klimaet endrar seg raskast lengst nord på kloden. Difor vil òg skilnaden mellom dagens snørike vinter, som lokkar randonée-entusiastar til tindane i Lofoten og Lyngen, og framtidas sørpe- og sluddvintrar aller størst i nord, med alvorlege følgjer for fleire sektorar enn turistnæringa – til dømes lofotfisket og reindrifta.

I klimaforskinga snakkar ein om «klimavandringshastighet». Dette dreier seg om kor fort eit gitt klima vandrar eller flyttar seg nordover på kartet.

Bjørn Vidar V.
Bjørn Vidar Vangelsten, forskar II ved Nordlandsforskning

– Denne forflyttinga skjer no 1000 gonger raskare enn gjennomsnittet sidan siste istid, seier Vangelsten.

– Bodø vil difor ha temperaturar tilsvarande dagens København på slutten av hundreåret dersom verda ikkje lukkast med å få ned utsleppa.

Det svinnande vinterlandet

Framtidas vintrar i nord blir prega av mindre snø. Det blir både færre dagar med snøfall og mildare vintervêr. Populære reisemål som Lofoten vil merke dette.

– Skiturismen i Lofoten vil etter kvart bli vekke, men korleis det vil slå ut for økosystem har vi lite kunnskap om no. 

Problemet er kor fort endringane skjer. Fordi endringa skjer så fort, kan vi frykte det verste. Naturen har alltid tilpassa seg endringar, men dei har sjeldan skjedd så fort. 

– Det som for oss menneske framstår som lang tid, femti til hundre år, er for naturen ekstremt kort tid.

Det betyr at dei næringane som er avhengige av økosystemet vil merke det fort. Eit døme er reindrifta, som er avhengig av at reinen finn reinlav på vinterbeitet. Reinlaven bør vere dekt av snø for at den ikkje skal tørke ut. Samtidig kan han ikkje vere kapsla inn i is, for då får dyra får problem.

Eit anna døme er lofotfisket, der høgare havtemperatur gjer det sannsynleg at skreien trekkjer lenger nord og ikkje lenger kjem til Lofoten. 

– På toppen av dette gjer meir regntunge vintrar framover at det ikkje lenger er så gode forhold for tørking av fisken, forklarer Bjørn Vidar Vangelsten.

ski
Snøforholda i nord kjem til å bli vanskelegare for turistnæringa dei komande tiåra. Foto: Terje Bakke

Utsette næringar

Både i Nordland og Troms lever mange av naturen gjennom arbeid i næringar som fiskeri, oppdrett, jordbruk og reindrift. Kva er problemet med det? Jo, næringane er sårbare for at naturen endrar seg som følgje av eit villare, varmare og våtare klima.

For å ta vare på jobbane og lokalsamfunna slik at det framleis er godt å bu på stader som Kvænangen og Røst om 50 år, er det difor ekstra viktig at fylkeskommunane er på pletten for å støtte kommunane i å tenke framover og førebygge.

– Det er altså naturleg, men likevel veldig gledeleg, at det nettopp var desse to fylka som først spurde oss om hjelp til å analysere klimarisiko, seier Aall.

–  Interessant at fylkeskommunane melder seg på

Slik det er i dag, har kommunane ansvar for si eiga klimatilpassing. Dei får marsjordrane sine frå Miljødirektoratet, og før det frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap Fylkeskommunane har derimot aldri hatt ei formell rolle på området. 

Men forskarane er nøgde med at fylkeskommunar som Nordland og Troms likevel er framoverlente og melder seg på i arbeidet med klimatilpassing, meir trass i enn på grunn av statlege initiativ.

– Eg trur det er fornuftig at rettleiing i klimatilpassing bli teke av fylkeskommunen, særleg når det gjeld dei små og mellomstore kommunane, seier Aall.

Samtidig understrekar han at fylkeskommunane har bruk for fagleg støtte frå forskarar. Til dømes kan vi forklare for fylkeskommunen korleis dei kan bryte ned det store omgrepet «klimarisiko» til forståelege delar. Då blir det lettare å byggje kunnskap som gir grunnlag for konkret handling.

 

Aall meiner regionale institutt som Vestlandsforsking og Nordlandsforskning, som har fagleg spisskompetanse på berekraftig klimatilpassing, er unikt posisjonerte til å støtte fylkeskommunane.  

– Dette kan vi, ikkje minst fordi vi har koplinga mellom natur og samfunnsfag. Vi kjenner dessutan kommunane godt, understrekar Aall.

Til heile landet

Gjennom prosjekta er Nordland og Troms pionerar for ein arbeidsmåte som seinare kan lærast vekk til fylkeskommunar i heile landet.

Undervegs vil forskarane legge til regionspesifikke element som har med geografien å gjere, til dømes har dei laga ein eigen indikator for reindrifta i Troms, som får fram kva slags kombinasjon av temperatur og snødjupn som er spesielt problematisk. Forskarane brukar fire ulike typar indikatorar, til saman om lag 15. 

Carlo Aall
Carlo Aall, leiar i Noradapt og forskar ved Vestlandsforsking

Kunnskapen forskarane leverer i Nordland og Troms, blir ein del av klimaplanen i fylka.

– Slik får den dobbel nytte, seier Carlo Aall. 

I Nordland er arbeidet lagt opp som ei arbeidsbok for kommunar. Denne arbeidsboka inneheld spørsmål og svar om utslepp av klimagassar og tilpassing til klimaendringane.

– Kommunane får opplyst korleis biletet er for heile fylket på ulike punkt, og korleis situasjonen er hos akkurat dei, om ein samanliknar dei med resten av fylket, forklarer Aall.

Får fram kva som hastar

Fordi forskarane vil at metodikken dei har utvikla for Nordland og Troms, skal passe for andre fylke, går dei eitt steg vidare med metoden for kvar gong dei gjennomfører ei kartlegging.

Det vil seie at dei utvidar lista si med indikatorar, altså peikepinnar for akkurat korleis klimaendringane påverkar samfunnet.

Når dei har samla nok data, får dei eit bilete av kor utsett den enkelte kommunen er, sett opp mot innsatsen deira for å førebygge naturskade og andre problem. 

– Dette er meint som utgangspunkt for at fylkeskommunane kan prioritere innsats. Samtidig kan kommunen gå inn og sjå på korleis dei plasserer seg samanlikna med andre kommunar, forklarer Aall.

– Vil du få fram akkurat kor risikabelt det er å bu i til dømes Gratangen, må du faktisk ut i terrenget og snakke med folk og sjå deg rundt. Men analysane våre hjelper til med å få fram kva som er viktig og kvar det hastar å gjere noko.

 

Les meir:

Klimarangering av kommunar i Nordland

Arbeidsbok for kommunane i Nordland