Distriktsmeldinga: - Hugs at vi treng forsking over heile landet

minister legg fram melding
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik la fram Distriktsmeldinga på Sølvane Gard i Kandal 20. juni. Stortingsmeldinga har tittelen «Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida». Foto: Anne Karin Hamre

Vestlandsforsking har gitt høyringsinnspel til den nye distriktsmeldinga, som vart lagt fram i juni.

– Eg saknar viljen til å styrke verkemiddel som stimulerer til meir forsking og utvikling i distriktskommunar og distriktsnæringslivet, seier Anne Karin Hamre, direktør i Vestlandsforsking.

Då kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik presenterte den nye meldinga til Stortinget om Distrikts-Noreg 20. juni, var direktør Anne Karin Hamre blant tilhøyrarane på Sølvane gard i Kandal. Hamre tok òg ordet for å minne statsråden om rolla dei regionale forskingsmiljøa spelar i innsatsen for innovasjon og utvikling i heile landet.

Ønskjer tydelegare ord om forsking

Hamre seier den nye distriktsmeldinga har djerve mål om utvikling, verdiskaping, og at folketalet skal auke i distriktskommunar. Meldinga legg vekt på tiltak som er viktige for ei god utvikling, som tilgang på kompetanse, nære tenester, digitalisering og bustader. Ho ser det som positivt at meldinga omtalar den sentrale rolla dei regionale forskingsinstitutta har i å medverke til regionale utviklingsprosessar, og tydinga av samarbeid mellom forskingsinstitutt, høgare utdanningsinstitusjonar og nærings- og samfunnsliv i alle delar av landet.

anne karin hamre
Direktør Anne Karin Hamre framførte bodskapen om å styrke eksisterande ordningar for forsking og innovasjon i distrikta. Foto: Marit L. Mellingen

– Her nemner dei òg eit par av verkemidla for å styrke den regionale forskingsinnsatsen – Forregion og Regionale forskingsfond. Men eg saknar viljen til å styrke verkemiddel som stimulerer til meir forsking og utvikling i distriktskommunar og distriktsnæringslivet, seier Hamre.

Ho ønskjer òg tydelegare tale om ei varsla forskingssatsing på distriktsutfordringar.

– Retning og innhald i eit slikt program er lite konkret i meldinga. Det står at Kommunal- og distriktsdepartementet har starta ein dialog med Forskingsrådet om korleis slik forsking kan skje i praksis.

Forskingsdriven innovasjon

Hamre meiner dei særskilde utfordringane til distrikta er godt dokumenterte, mellom anna av distriktsdemografiutvalet og distriktsnæringsutvalet. Difor håpar ho at den forskingssatsinga regjeringa varslar, vil leggje størst vekt på løysingar på distriktsutfordringar.

– Her er innovasjon eit viktig stikkord, og forskingsinstitutta kan vere ein viktig medspelar i å bidra til innovasjon. I følgje regjeringa sin nye langtidsplan for forsking, er forskingsdriven innovasjon ei viktig kjelde til omstilling, og heilt nødvendig for å sikre framtidig verdiskaping og løyse store samfunnsutfordringar.

I stortingsmeldinga om innovasjon i offentleg sektor, som kom for nokre år sidan, peikte regjeringa på at små kommunar ofte manglar kapasitet til å engasjere seg i innovasjons- og utviklingsprosjekt.

Geografisk skeivfordeling

Kommunal- og distriktsdepartementet sin rapport om regionale utviklingstrekk viser at forskings- og utviklingsverksemd i næringslivet er sterkt konsentrert til dei sentrale områda i landet. Den same rapporten viser at næringslivet sine kostnader til forsking og utvikling i Vestland fylke ligg under landsgjennomsnittet.

– Regjeringa har alt ein rikhaldig verktøykasse for å bidra til utvikling og forskingsdriven innovasjon i bedrifter og kommunar i heile landet, understrekar Hamre. Ho trekkjer fram Forregion (forskingsbasert innovasjon i regionane) og dei regionale forskingsfonda hjå fylkeskommunane, Klyngeprogrammet til Innovasjon Norge og ordningar som vert forvalta av Forskingsrådet: Kapasitetsløft, Samarbeidsprosjekt og Innovasjonsprosjekt i næringslivet.

kandal
Kulturarbeidar Torstein Kollevåg og operasongar Eivind Kandal satsar på kultur, lokalmat og turisme på Sølvane Gard i Kandal, ei bygd med mellom 80 og 90 innbyggarar. Foto: Anne Karin Hamre

Ordningane som finst, burde styrkast

– Problemet er at Regionale forskingsfond og Klyngeprogrammet er kutta i dei siste åra og at løyvingane til dei andre ordningane er for små til å dekkje behova.

Hamre meiner eit nytt forskingsprogram om distriktsutfordringar er eit godt tiltak, føresett at det kjem friske midlar til programmet.

– Om det nye programmet derimot skal finansierast ved å flytte midlar frå eksisterande, forskingsretta ordningar, vil eg heller tilrå å putte pengane i den gode verktøykassen som alt finst.

 

Les Vestlandsforsking sitt høyringsinnspel til Distriktsmeldinga

Les Hamre sine innspel til statsråden 20. juni

Les kronikken «Eit teknoløft for regionen vår» av Erik Kyrkjebø og Anne Karin Hamre i Firda eller Sogn Avis