Bli folkeforskar, du også!

app for deling av klimadata
Prosjektet brukar appen Citizen Sensing når dei inviterer folk til å dele observasjonar knytt til vêrhendingar (Illustrasjon: Institutt for geografi ved NTNU).

Bur du i Sunnfjord, Kinn eller Osterøy og har ein smarttelefon? Då kan du dele foto og observasjonar om vêr med forskarar.

Det plaskar ned både tidt og ofte i landsdelen vår. Av og til blir det litt rikeleg med vêr, og vi ser uvanlege ting når vi luftar hunden eller køyrer langs vegane: bekkar der det vanlegvis ikkje renn vatn, store dammar som bilane må pløye seg gjennom eller vatn som veks over breiddene sine.

Alle desse observasjonane er nyttige for forskarar, og i eit nytt forskingsprosjekt om medverknad og klima, jobbar tre vestlandskommunar saman med forskarar for å engasjere innbyggarar flest i å melde inn det dei ser av flaum- og overvasshendingar til forskingsprosjektet. Folk kan både dele foto og tekst om det dei har sett.

kvinne forskar
Seniorforskar Mari Hansen Korsbrekke (Foto: David Peter Colbert)

Korleis? Med ein nettbasert app, så klart. Den er gratis og ganske enkel å bruke. Forskarane er òg interesserte i data frå vêrstasjonar folk set opp på eigedommane sine, og kommunane har gjort innkjøp av nokre stasjonar som blir delt ut til innbyggjarar som vil bidra til eit større vêrdatagrunnlag.

– Det er fint at folk engasjerer seg og deler sin lokale kunnskap om det som skjer rundt oss – det hjelper oss med å få betre overblikk. Med appen kan ein dele og sjå både store og små hendingar i nærmiljøet sitt, seier Mari Hanssen Korsbrekke ved Vestlandsforsking.

Vil trekke folk med

Vestlandsforsking har sidan 2018 drive eit senter for berekraftig klimatilpassing der landets åtte fremste fagmiljø innan klimatilpassing er med. Tre av desse har gått saman om prosjektet «Medverknadsmetodar for berekraftig klimatilpassing», som Forskingsrådet finansierer: Vestlandsforsking, Norce Klima, Institutt for geografi ved NTNU. I tillegg kjem Vestland fylkeskommune.

Denne delen av prosjektet handlar om å prøve ut ulike måtar innbyggjarane kan delta i datainnsamling på. I tillegg skal prosjektpartnarane sjå på korleis ein kan framstille klimakunnskap betre, til dømes knytt til flaum, og korleis ein kan sikre at innbyggjarar blir tekne med på råd i planprosessar.

– Kommunane må rekne med å bruke store ressursar på klimatilpassing i åra framover. Då er det viktig at dei som bur i kommunane har god forståing for tiltak som skal sikre folk, vegar og hus, seier Korsbrekke.

folkemøte kinn
Folkemøte i Kinn (Foto: Synnøve Beitnes)

Del funn frå mobilen

Innbyggjarar i Sunnfjord, Kinn eller Osterøy kan altså lett gå i gang med å bruke den nettbaserte appen CitizenSensing eller CS.

Dette er eit web-program som kan brukast anten på ein smarttelefon, eit nettbrett eller ein PC. Du startar CS-appen ved å opne ein nettlesar og gå til adressa https://geo.it.ntnu.no/cs. Det er ein fordel å tillate stadtilgang, med mindre du brukar PC.

Brukarnamn og passord er namnet på kommunen, så bur du i Kinn, skal du først taste «kinn» i rubrikken for brukarnamn og så «kinn» att i rubrikken for passord, bur du i Osterøy bruker du «osteroy» og «osteroy». Så er du inne.

Interessert i foto og tekst

Det viktigaste etter at ein har logga inn, er å oppgje kor ein har gjort observasjonen sin.

– Vi vil ikkje at folk skal risikere liv og lemmer, men oppmodar dei om å gjere registreringa medan dei er ute eller notere kor dei var, seier Korsbrekke.

Du blir beden om å registrere både «type værhendelse» og «klimapåvirkning». Om du til dømes ser at det oppstår ein diger dam i vegbana etter styrtregn, kan du svare «kraftig regnbyge» på det første, og «oversvømmede veier» på det andre, ved hjelp av vala i menyen. Det er òg mogeleg å legge til foto og utdjupe med ein skriftleg kommentar. Til slutt sender du inn og får opp ei stadfesting eller kvittering på skjermen.

– Å ha et foto av observasjonen er nok det vi ser som mest interessant, for vi håpar dette kan nyttast for å stadfeste kritiske punkt i kommunen. Vi håpar òg at det kan brukast til å styrke klimamodellane vi jobbar med, seier forskar Marie Pontoppidan.

Meir treffsikre

overvatn i gate
Overvatn er eit døme på ein observasjon du kan rapportere inn (Foto: Jan Ketil Rød).

Gjennom perioden forskingsprosjektet varer, skal forskaren simulere enkelte episodar med mykje nedbør i avanserte vêr- og klimamodellar. Håpet er at dei skal klare å stadfeste at modellane fungerer godt eller eventuelt forbetre dei, slik at modellane blir meir treffsikre både når det gjeld nedbørsmengd og kor vatnet samlar seg på bakken.

– Dine data vil då vere med på å betre kunnskapen vår om nedbørsendringar som påverkar oss her på Vestlandet, seier forskar Marie Pontoppidan.

Forskarane har oppretta ei Facebook-gruppe som dei oppmodar alle interesserte om å melde seg inn i: «Medverknad og folkeforsking klimatilpassing Vestland». Her får du oppdateringar og kan diskutere ulike tema med forskarane, andre deltakarar i prosjektet og innbyggjarar i dei tre kommunane. 

 

Sjå brukarrettleiing her

Her finn du appen