Unge forskarar fekk prøve seg

Foto
Hans Jakob Walnum var mentoren til Samuel Sjøtun frå Luster i tre dagar. Foto: Kyrre Groven

Samuel og Eir-Hild, to 10.-klassingar ved Luster ungdomsskule i Gaupne, var nyleg utplasserte ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet i tre dagar. Der utførte dei enkle forskingsoppgåver og blei kjende med mange som arbeider med forsking og undervisning.

– Jøss! utbryt Marianne Nilsen når ho får høyre at Samuel Sjøthun har fanga ein marulk med berre nevane. 10.-klassingen frå Luster har alt bestemt seg for å studere biologi, og drøymer om å bli marinbiolog. Torsdag hadde dei to ein lang prat saman på biolabben, altså biologilaboratoriet på høgskulen i Sogndal, der Marianne arbeider nettopp som marinbiolog.

Foto
Marinbiolog Marianne Nilsen frå Høgskulen på Vestlandet viser Samuel Sjøthun ein kaldvasskorall frå Sognesjøen. Foto: Kyrre Groven

Begge fekk vekt interessa for livet i havet da dei som ungar fekk vere med på fjordfiske i feriane. For Samuel skjedde dette hos bestefar på Aukra, medan Marianne vart nysgjerrig på botndyr og fisk da ho leikte i fjøra heime på telemarkskysten og ferierte på hytta i Fjærland. I tillegg har begge vore heldige å ha inspirerande naturfagslærarar.

Korallar frå Sogn

Marianne opnar eit av skåpa der objektsamlinga er lagra, og finn fram ein prøve: – Dette er ein kaldvasskorall som er henta opp frå fleire hundre meters djup utanfor munningen av Sognefjorden. Denne er ikkje som dei tropiske korallane, som lever i symbiose med algar som er avhengige av lys, og derfor veks i grunne sjøområde. Våre korallar kan leve på meir enn 1000 meters djup, og livnærer seg av organisk materiale som dryssar ned frå vassmassane lengre oppe.

Samuel er ein interessert tilhøyrar, og har sjølv faktaopplysningar å bidra med: – Eg har høyrt at korallane står for ein stor del av oksygenproduksjonen på jorda, så det er viktig å ta vare på dei.

Tiår for havforsking

Klimaendringar, havforsuring og mørkare sjøvatn er endringsprosessar som gjer det ekstra viktig å skaffe meir kunnskap om det som skjer med havøkosystema. Marianne fortel at det er noko av bakgrunnen for FNs tiår for havforsking, som startar opp no.

Sjølv skulle ho gjerne hatt ressursar til å setje i gang eit storskala økosystemprosjekt for å kartlegge forholda i Sognefjorden – kanskje det er noko Samuel kan bli med på alt før havforskingstiåret er omme?

Jordprøvar

Foto
På biolabben med masterstudent Stine Svang. Eir-Hild Svanheld (til høgre) siktar jordprøvar frå urterike slåttemarker i Sogn. Foto: Kyrre Groven

Litt seinare er Eir-Hild Svanheld i gang med å sikte jordprøvar og gjere dei klar for analyse. Også ho går siste året på Luster ungdomsskule, og får rettleiing av Stine Svang, som er masterstudent i Climate Change Management ved HVL. – Dette er jordprøvar frå fem verdifulle slåttemarker som får kulturlandskapstilskot frå Fylkesmannen. Høgskulen driv eit overvakingsprosjekt av slike urterike enger for å sjekke om tiltaka har den ønskte effekten, og jordprøvane er ein del av dette prosjektet, seier Stine.

Eir-Hild er ikkje ukjent med det tradisjonelle kulturlandskapet, ettersom ho kjem frå ein gard i Skjolden med støl langt inni Mørkrisdalen, og har blitt dratt med på turar dit så lenge ho kan hugse. 15-åringen er også godt kjent med det å sikte jord: – Dette har eg god øving i frå sandkassen i barnehagen, flirer Eir-Hild.

I løpet av dei tre dagane på høgskulen har ho følgt med førsteamanuensis Liv Norunn Hamre, og fått vere med på studentrettleiing, feltarbeid og det å skrive feltrapport. Ho oppsummerer hospiteringsperioden slik: – Dette er ein type jobb eg kunne ha lyst på!

Mobilen sitt liv

Foto
Visste du at ein iPhone inneheld halvparten av grunnstoffa? Hans Jakob Walnum lærde Samuel korleis ein kan analysere "fotavtrykket" frå ein mobiltelefon. Til slutt gjorde Samuel sin eigen analyse av ein smarttelefon, frå vogge til grav. Foto: Kyrre Groven

På Vestlandsforsking ventar Hans Jakob Walnum utolmodig på den unge forskingsassistenten Samuel. Frå ein forskar i Sveits har han nettopp fått tilsendt nye data om det forskarane kallar «klimafotavtrykket» til alle dei vanlegaste mobiltelefonmodellane, altså ei utrekning av kor mykje mobilen belastar miljøet ved å bli til, vere i bruk, og til slutt bli til avfall. No er det Samuel som skal få prøve å bruke tala frå Sveits for å gjere ein enkel livsløpsanalyse av ein vanleg smarttelefon.

– Mobilen er noko alle norske ungdommar har eit nært forhold til, så eg tenkte det kunne vere spennande å få ein 10.-klassing til å gjere ei slik miljøkartlegging, seier Hans Jakob.

Klimautslepp og sjeldne mineral

Foto
Den svenske eksperten Anders Andrae i Huawei har doktorgrad i livløpsanalysar og elektronikk og hadde mange gode råd å gje Samuel Sjøthun. 10.-klassingen stilte òg spørsmål som imponerte svensken. Foto: Kyrre Groven

Etter å ha lese fleire forskingsartiklar om emnet og hatt nettmøte med ein svensk professor, har Samuel konkludert: Ein vanleg mobil fører til utslepp av 66 kg CO2, og det meste av dette stammar frå framstillinga av mobilen. Med 1,5 milliardar nye mobilar i verda kvart år, blir dette store utslepp til saman. Dessutan er det eit problem at det er vanskeleg å gjenvinne råvarene som mobilane er bygd opp av, fordi delane er så små og pakka så tett saman.

– Det beste vi kan gjere for å redusere miljøpåkjenninga av mobilbruken, er difor å ikkje skifte mobil så ofte, slår Samuel fast.

I tillegg til klimautsleppa og ressursbruken, er det fælt å tenkje på at nokre av dei sjeldne minerala som blir brukt i mobilane, stammar frå fattige land der ungar arbeider i gruver under farlege forhold.

– Eg har lært mykje av å vere utplassert her på Vestlandsforsking, avsluttar Samuel.

– Dette har sanneleg vore lærerikt for meg òg, skyt læremeister Hans Jakob inn.