Stor interesse for biokol

Foto
Biokol kan lagast av biologisk avfall som trevirke, avfall frå landbruk og hagar eller fiskeslam. Nytten er særleg stor i landbruket, og biokol har ei rekkje fordeler knytt til klima og miljø. (Foto: David Dodge, Green Energy Futures)

Rundt 60 personar deltok då Vestlandsforsking arrangerte eit nettseminar om biokol i samarbeid med Forskingsrådet og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane/VRI4. Seminaret retta seg spesielt mot landbruket, der gevinstane av biokol er mange.

Folk viste stor interesse for seminaret om biokol og pyrolyse, altså framstiling av biokol, som vart halde 9. juni. Blant dei rundt 60 som logga seg på for å følgje presentasjonane, var bønder, folk frå bondelaget, landbruksforvaltninga, konsulentar, næringsdrivande, verkemiddelapparatet for forsking og utvikling, fagpersonar og forskarar innan feltet.

Seminaret vart overført via nettet, og det var difor mogeleg for deltakarar frå heile landet å delta. Seminaret var tenkt som eit regionalt tilbod, men fekk dermed eit nasjonalt nedslagsfelt, noko arrangør Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking var svært nøgd med, særleg fordi seminaret kom i stand på nokså kort tid.

Brei innføring i biokol

Biokol er laga av biologisk avfall og blir til ved forbrenning i spesielle omnar. Mange typar avfall får eit nytt liv i denne forma og produktet har ei rekkje positive eigenskapar. Ein kan òg kombinere med å produsere biogass for å utnytte ressursane maksimalt.

Deltakarane på seminaret fekk høyre 12 korte innlegg som til saman skulle dekke det meste av det deltakarane ville vite: kva som er status for teknologien, kva vi veit om biokol så langt, kva for regelverk som gjeld for biokol og gode døme på FoU og erfaringar frå oppstarta biokolanlegg. Tilhøyrarane fekk òg innblikk i aktuelle finansieringskjelder for nye biokol-prosjekt. Seminaret runda av med diskusjonar i to grupper.

Fordeler for jorda

Foto
Biokol kan pløyast ned i jorda. Det gir mange fordeler.

Sjølv om både prosessindustrien og mange kommunar har snust på biokol som miljøvenleg alternativ til fossilt kol og som spennande ressursutnytting, er det aktørar i landbruket som ser den største nytten av biokol.

Etter forbrenning framstår biokol som mørke, kompakte klumpar, ikkje ulikt grillkol. Karbonet i biokolet er tett bunde saman i sekskanta ringstrukturar som gjer det utilgjengeleg for nedbryting. Det kan difor lagrast i grunnen i lange tider utan å bli omdanna til CO2. Desse kan pløyast ned i jorda for å bidra til å heve jordkvaliteten. Biokol kan faktisk òg binde tungmetall som finst i grunnen og hindre at dei blir spreidde.

Klimatilpassing

Interessant nok har biokol òg to viktige eigenskapar som bønder kan dra nytte av i arbeidet med å greie seg gjennom uvanleg blaute eller tørre periodar, som klimaendringane vil gje oss fleire av.

– Det eine er at biokol oppfører seg litt som ein svamp overfor vatn. Difor kan det fordrøye og halde tilbake vatn i periodar med mykje nedbør og dermed bidra til å førebyggje flaum. Denne eigenskapen ved biokolet gjer òg at jorda held betre på vatn i lange tørkeperiodar, seier Torunn G. Hønsi. Forskaren finn dette særleg interessant i lys av arbeidet sitt i Noradapt, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, som Vestlandsforsking leier, og som omfattar åtte norske fagmiljø på feltet.

Foto
Forskar Torunn G. Hønsi med treflis, eit type avfall som kan brukast til å lage biokol. Foto: May Grethe Lerum

Biokol har òg ein stor fordel som utsleppsreduserande tiltak:

– Grev ein ned biokol, vil ein bidra til å binde CO2 i staden for at det blir sleppt ut og bidreg til global oppvarming, forklarer ho.

Uløyste spørsmål

Webinaret var ein del av arbeidet Torunn G. Hønsi gjennomfører i det internasjonale forskingsprosjektet Enabling, som set bioavfall på dagsorden i ei rekkje europeiske land.

– Biokol er jo eit kinderegg av moglegheiter og nytteverdi, særleg for landbruksnæringa, der ein kan få slutta sirkelen i ei sirkulær verdikjede, seier ho, men understrekar at det finst uløyste spørsmål, som korleis ein sikrar at biokolet har høg nok kvalitet. Jøril Hovland i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane utdjupar dette:

– På seminaret kom det fram at det er viktig å ha nok kunnskap om råmaterialet ein utnyttar for å ha kontroll på kvaliteten på biokolet som kjem ut. Kvart enkelt prosjekt må altså planleggjast spesifikt med tanke på dette, for å unngå å tilføre jorda biokol som kan ha skadeverknader, seier Hovland.

Eit prioritert område

I tillegg til Kunnskapsparken, var òg Forskingsrådet med på å arrangere webinaret. Regionansvarleg i Vestland, Merete Lunde, opplyser at temaet er godt plassert i Forskingsrådet sine prioriterte område for bioøkonomi og det grøne skiftet.

 – Nytt av året er at bioøkonomi er prioritert i ordninga Innovasjonsprosjekt i offentleg sektor som kommunar og offentlege etatar kan søke på, men det er fleire finansieringsordningar som kan vere aktuelle, opplyser Lunde.

Det gjeld både Innovasjonsprosjekt i næringslivet for landbasert mat, bioressursar og bioenergi, Kompetansebyggende prosjekt for næringslivet for miljøvenleg energi, og Samarbeidsprosjekt dersom prosjektet handlar om berekraftige matsystem og areal under press.

 – Vi ser fram til mange gode prosjektsøknadar om produksjon og bruk av biokol, gjerne der biokol er sett inn i større samanhengar, seier Lunde.

Starten på nye samarbeid

Fordi interessa for biokol var så stor, er arrangørane innstilte på å føre samarbeidet vidare. Dei legg no planar for ein prosjektverkstad om biokol som kanskje kan stimulere til FoU-prosjekt om biokol også i Vestland fylke. 

Då vil dei gjerne ha med landbruket, og hos Fylkesmannen i Vestland er dei positive til å utforske temaet vidare. Landbruksdirektør Christian Rekkedal deltok sjølv på webinaret og tykkjer biokol er interessant fordi det opnar for å binde karbon på ein måte som er nesten tilpassa dei naturlege kretsløpa.

– Fylkesmannen i Vestland bidreg gjerne til faglege utgreiingar som kan gje svar på kor vidt fylket vårt eignar seg for ei satsing på biokol, mellom anna med tanke på jordtypar, jordsmonn, produksjon og tilgang på organisk restmateriale frå landbruket, seier Rekkedal.

 

22. juni inviterer Forskningsrådet og Innovasjon Norge til eit webinar om mogelegheiter for offentlig sektor innan bioøkonomi

Foredrag av Torunn Hønsi; ENABLING-nettbaserte verktøy for utnytting av biomasse til biobaserte produkt