Rask utjamning av fritidstilbod viktig etter samanslåing

Foto
Råda frå forskarane vart lagt fram for politisk utval i Asker kommune 4. juni. Foto: Anna Maria Urbaniak-Brekke.

– Nye kommunar bør vere raskt ute med å utjamne fritidstilbodet til innbyggarane, seier forskar Anna Maria Urbaniak-Brekke. 4. juni la Vestlandsforsking og Telemarksforsking fram funn frå ein ny studie om korleis kultur, idrett og friluftsliv bør organiserast og finansierast i den nye storkommunen.

I løpet av kommunereforma er 119 kommunar blitt til 47 nye. Ein av desse er Asker, som består av tidlegare Asker, Røyken og Hurum. Våren 2020 tinga den nye kommunen ei utgreiing frå forskingsinstitutta Vestlandsforsking og Telemarksforsking om korleis den nye kommunen best kunne organisere og finansiere kultur, idrett og friluftsliv.

Lag og organisasjonar treng svar

Foto
Forskar Anna Maria Urbaniak-Brekke. Foto: May Grethe Lerum

 

Etter to månaders arbeid la forskarane fram råda sine i form av ein sluttrapport 4. juni. Same dag fekk det politiske utvalet i Asker kommune ein gjennomgang av hovudfunna ved forskarane Anna Maria Urbaniak-Brekke og Ola Kveseth Berge ved Telemarksforsking.

 

- Vi la vekt på utfordringar den nye kommunen må løyse for å få harmonisert drifts- og tilskotsordningar innan kultur, idrett og friluftsliv, seier Anna Maria Urbaniak-Brekke, som har leia arbeidet med studien. Eit viktig element etter samanslåinga er tid. Sjølv om mykje skal på plass, hastar det å få avklart visse ting, særleg for dei som står for aktivitetar til innbyggarane.

 

- Lag og organisasjonar i Asker kommune ventar no spent på signal om korleis ting blir vidare. Difor er det viktig at kommunen snur seg raskt rundt, seier ho.

 

Nærmiljø viktig

 

Koronakrisa har vist mange kor viktig det er at barn og unge har fotballbaner, leikeplassar og andre stader der dei kan vere aktive nokså nær heimen sin. I studien understrekar forskarane at Asker må satse vidare på dei små anlegga.

 

- Utvikling av nærmiljøanlegg er veldig viktig, spesielt når avstanden til eksisterande anlegg er stor og verken kollektivtransport eller sykkelstiar er godt nok utvikla, understrekar Urbaniak-Brekke.

 

Alle skal kunne delta

 

For nye storkommunar, som for andre kommunar, er det viktig å passe på at dei fleste typar fritidstilbod òg må leggast til rette for personar med spesielle behov, anten det gjeld nedsett funksjonsevne eller økonomiske vanskar. Også kulturelt mangfald bør vere noko ein arbeider for, seier Urbaniak-Brekke.

 

- Kommunen bør arbeide målretta for at personar med ulik kulturell bakgrunn kan delta i det som finst av idrett, friluftsliv og kulturliv.

Foto
Forskarane tilrår at fritidstilboda raskt blir like over heile kommunen etter ei samanslåing. Foto: Asker kommune.

Digitalt gjennomført

 

Forskarane sitt oppdrag vart prega av koronakrisa, og alt har føregått utan fysiske møte mellom dei involverte og forskarane – som i tilllegg til Urbaniak-Brekke var Torkjel Solbraa (begge Vestlandsforsking), Ola Kveseth Berge og Hanna Nyborg Storm (begge Telemarksforsking).

 

Materialet dei byggjer på, omfattar ei spørjeundersøking til lag, foreiningar og anleggsansvarlege og intervju med etatsleiarar i kommunane, leiarar frå idrettsråd, kulturråd, bibliotek og kulturskulen. I tillegg har forskarane intervjua informantar frå kommunane Sandefjord og Sandnes, som har mykje til felles med Asker. Kartlegginga kviler dessutan på ein gjennomgang av relevant litteratur og dokumentasjon.

 

At heile prosjektet vart gjennomført med digitale kommunikasjonsverktøy, gjekk overraskande greitt både for forskarane og oppdragsgjevaren. Framlegginga for dei folkevalde i Asker vart derimot fysisk, og Ola Kveseth Berge og Anna Maria Urbaniak-Brekke møtte ei forsamling som var ivrig etter å ta resultata i bruk:

 

–  Mange viste stor interesse for funna og uttrykte eit ønske om å jobbe vidare med ei raskast og best mogeleg harmonisering av ordningar, seier Urbaniak-Brekke.