Har funne kunnskapshol om kvinner og IKT

Foto
In Europe, less than 30 percent of employees in information and communication technology are women. In Norway, the share is lower, around 20 percent. The sector faces rapid growth, and with it comes a growth in power and significance. (Photo: © European Union 2013 - European Parliament)

Skeiv kjønnsfordeling står sentralt i Vestlandsforsking si IKT-forsking. I ein ny rapport samlar forskarane all tilgjengeleg statistikk om kvinner si deltaking i sektoren, som er spådd ei rivande utvikling i åra framover. – Kunnskapshola vi har funne, skal vi fylle gjennom kvalitativ forsking, seier Hilde G. Corneliussen.

Forskarane Hilde G. Corneliussen og Morten Simonsen har samarbeidd om å samle all statistikken som finst om kvinner si deltaking i IKT-yrke her i landet og henta inn tal for andre land. Føremålet med rapporten var å skaffe eit godt talgrunnlag for å jobbe vidare med problematikken – altså den urovekkjande og vedvarande ubalansen mellom kjønna i yrke som kviler på informasjons- og kommunikasjonsteknologi.

– Vestlege land har ein ubalanse i IKT-sektoren. Denne ser vi òg i dei nordiske landa, som ein elles assosierer med høg grad av likestilling mellom kvinner og menn. Det er viktig å få på det reine nøyaktig kva tala er, slik at vi kan komme nærare innpå problematikken, forklarer Corneliussen, som er ein kapasitet på området. Ho er for tida er med i eit fleirårig, nordisk senter-samarbeid om kvinner i teknologi-drivne yrke –  Nordwit.

På veg mot endå større ubalanse

Statistisk sett er dagens situasjon, både i Noreg og mange liknande land, at kvinner er underrepresenterte innan IKT. Sjølv om balansen ser ut til å ha betra seg noko dei siste par åra, skal det mykje til for å nå ein tilfredsstillande balanse, ettersom digitaliseringa av samfunnet er i ferd med å skyte fart.

Snart vil langt fleire jobbar krevje formell kompetanse innan IKT. Gapet vil altså auke dersom ikkje fleire kvinner finn vegen til IKT-utdanningar og -yrke.

Samanlikning krev forarbeid

Ved å få god oversikt over det norske talmaterialet, blir det enklare for forskarane å skaffe seg eit sannferdig bilete av kva som er likt og ulik samanlikna med andre land.

Rapporten viser til dømes at rundt 20 prosent av IKT-tilsette i Norge er kvinner.

– Akkurat kva andel ein landar på, kjem heilt an på korleis ein har talt i kvart enkelt land og kva for yrkeskategoriar og stillingskodar ein reknar med. Difor er det heilt nødvendig å sjekke kva premissar som ligg bak. Først no kan vi trygt gå i gang med å samanlikne situasjonen på tvers av land, forklarer Corneliussen.

Avgjerder og makt

Digitaliseringa vil dessutan i aukande grad skje på tvers av yrke som ikkje er definerte som «tekniske». Eit døme er velferdsteknologien sitt inntog i omsorgssektoren. Sjukepleiefaget får ein viktig teknisk komponent, og folk som ikkje har bakgrunn frå IKT, vil snart komme til å ta viktige avgjerder om IKT.

Folk som er IKT-spesialistar vil dessutan få mange viktige oppgåver i samfunnet.

– Det følgjer ein del makt og definisjonsmakt med ei yrkesgruppe som utformar løysingar og tenester for heile samfunnet. Difor er det viktig at begge kjønna er godt representerte også blant IKT-spesialistar, understrekar Corneliussen.

Vil få fram alle forteljingane

På sett og vis er hovudmålet med rapporten Simonsen og Corneliussen har skrive, nettopp å avdekke kva for bitar av det større biletet som manglar. Ei lita gruppe kvinner har til dømes fanga merksemda til forskarane: Dei som er tilsette i IKT-sektoren, men ikkje mottek løn, altså dei kvinnelege teknologane som er frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande.

– Eitt av spørsmåla vi vil sjå nærare på, er kvifor dei har valt det, og om det til dømes handlar om arbeidsvilkåra i IKT-verksemder, seier Corneliussen.

– Tala er viktige, men du finn ikkje alt ved å sjå på statistikken. Kvalitativ forsking er nødvendig for å kunne fortelje fleire av historiene, og det vil til slutt gi ei djupare forståing, seier statistikar Morten Simonsen.