Essay om målkonflikter
Korleis skal vi klare å løyse opp i målkonfliktene som oppstår når vi skal omstille energisystemet, tilpasse oss til klimaendringane og bremse tapet av natur? Dette var temaet for ein to-dagars skriveverkstad mellom forskningsprosjekta UNRULY, SUSRENEW, JUSTGREEN og Land Use Justice med deltakarar frå Universitetet i Oslo og Vestlandsforsking.
Essayet "Fostering creativity and care in energy transitions: reframing uncertainty" er publisert på nettsida unrulinesss.com. Forfattarane av essayet er deltakarar i JustGreen og SusRenew frå Universitetet i Oslo og Vestlandsforsking.
Essayet er skrive av Andrea J. Nightingale, Halvor Dannevig, Marta Mboka Tveit, Cedar S. Patterson, Karen Richardsen Moberg, Ural Kafle, Stephen Williams, Mari Hanssen Korsbrekke, Ragnild Freng Dale, Carlo Aall og Tara B. Holm.