Forskar på jenter og teknologi

""

Gilda Seddighi er ein av dei nye forskarane i Sogndal i 2018. Ho forskar på korleis ein kan inkludere kvinner og innvandrarar i større grad i utvikling og bruk av informasjon og kommunikasjonsteknologi i samfunnet.

Gilda har jobba i 20% stilling sidan nyttår, men frå august har ho full stilling som forskar i Sogndal. Om du var innom Forskingstorget i Sogndal laurdag 22. september var ho å møte på Vestlandsforsking sin stand om dataspel.

Dei som besøkte standen under Forskingsdagane 2018 fekk spørsmålet: «Kven er det som bestemmer over dataspeling heime?» Dette er eit aktuelt spørsmål som mange kan kjenne seg igjen i. Gilda og hennar kollegaer er opptekne av dette og fleire slike spørsmål i eit forskingsprosjekt med namnet «Ungdom, dataspill, konflikt og regulering fra et familieperspektiv» på oppdrag frå Medietilsynet. Prosjektet skal gå utover hausten, og kan gi nyttig informasjon om korleis ein kan bli einige om gode køyrereglar for dataspeling heime.

Gilda er også involvert i forskinga på kvinner si karriere innan teknologidrivne fag og yrke. Vestlandsforsking deltek i eit nordisk forskingssenter med namnet NORDWIT, som er eit "Nordic Centre of Excellence" finansiert av Nordforsk som forskar på kvinner i teknologirelaterte karrierar. Saman med Universitetet i Uppsala i Sverige og Universitetet i Tampere i Finland skal forskarane blant anna studere korleis den nye arbeidsmarknaden med auka digitalisering verkar inn på kvinner si karriereutvikling.

Utgangspunktet for Nordwit-prosjektet er eit paradoks ein finn i dei nordiske landa, med færre kvinner dess høgare opp i dei forskingsrelaterte yrkeshierarkia ein ser. Skiljet finst på alle fagområde, men er særleg skarpt i teknologi og realfag. I prosjektet samarbeider Gilda Seddighi med Hilde G. Corneliussen som har lang erfaring på  forskingsfeltet ho skal fordjupe seg i, og som leiar prosjektet ved Vestlandsforsking.

- Eg er veldig glad for å ha Gilda med på laget i Sogndal. Ho bidreg med viktig kunnskap og perspektiv som er nyttig i arbeidet med å inkludere jenter i større grad i dei teknologidrivne yrka og innovasjonsprosessane, seier direktør Merete Lunde. - Det er framleis mange utfordringar for å få til ein betre kjønnsbalanse på teknologiområdet, og det er behov for meir kompetanse for å legge til rette for å inkludere jenter, seier Lunde.

Gilda Seddighi har ei tverrfagleg PhD-utdanning i kjønnsforsking og medievitskap ved Universitetet i Bergen. I doktorgradsavhandlinga som var ferdig i 2017 brukte ho feministiske teoriar og kjønnsanalyse for å sjå nærare på mekanismar for ekskludering frå offentleg deltaking i bruk av Facebook. Seddighi har også master i kjønn og utviklingsstudiar ved same universitet, og jobberfaring som prosjektkoordinator for prosjekt knytt til integrering av innvandrarkvinner ved fleirkulturelt ressurssenter ved Kirkens Bymisjon i Bergen.

- Vestlandsforsking er eit svært tverrfagleg institutt, har eit godt internasjonalt forskingsmiljø, og gir betydelege bidrag til samfunnet og næringslivet, seier Seddighi. Denne kombinasjonen er tiltrekkande, seier ho. Gilda Seddighi er opprinneleg frå Iran, og har budd i Norge i over 17 år. Ho har planar om å flytte frå Bergen til Sogndal samen med mannen og den 3 år gamle dottera når arbeid til mannen hennar er på plass.

Meir om prosjekta Nordwit og "Ungdom, dataspill, konflikt og regulering frå et familieperspektiv"