Bokbyen i Fjærland

Norge nå på NRK1 besøkjer Sogn og Fjordane denne veka, og onsdag 22. august handlar det om Fjærland og Noregs første bokby. Vår reiselivsforskar Agnes Brudvik Engeset er med i sendinga.

Aktuelt

Fjærland er blant Norges flottaste reisemål, og er kjent for brear, bremuseum og bokby ved fjorden. Dei fleste bedriftene i bygda sitt reiseliv er små, og no etterspør dei påfyll av kunnskap for å takle nye trendar og kunne ta imot nye grupper av reisande på ein god måte. Innteninga kunne òg ha vore betre, og særleg bokbyen har stort behov for å få fart på omsetnaden.  Forskingsprosjektet som er i gang har difor fått namnet Bre, fjord og gamle bøker: Kunnskap for å snu bokdød i Fjærland.

Forskar Agnes Brudvik Engeset som deltek i NRK si direktesending i Fjærland forskar på turisme, fritid og fritidsbruk og berekraftig reiseliv. – Det er viktig å tilby turistane ei heilskapleg oppleving, seier Agnes Brudvik Engeset. – Vi har både natur og kultur i verdsklasse, men kulturattraksjonane er ofte underkommuniserte, seier ho.

Tilpassa turisttilbod

I sommar har forskarane møtt både turistar og representantar for lokalt næringsliv i Fjærland for å få betre forståing for forholdet mellom forventningar og det eksisterande reiselivstilbodet i Fjærland. Spørsmåla som turistane fekk var blant anna: «I kva grad var informasjon om tenester og produkt i bokbyen tilgjengeleg på førehand?», og «Er tenestene og produkta til bokbyen som forventa?» – Vi er i ferd med å analysere svara, og så langt syner det seg at det ligg utviklingsmoglegheiter både i produkt, marknadsføring og samarbeid, seier forskar Anna-Marie Brekke ved Vestlandsforsking som har delteke i datainnsamlinga. – I prosjektet skal vi òg utvikle ein metode for tilpassing av det lokale tilbodet til turistane sine behov, fortel Anna Maria. Forskarane håpar å stable på beina eit større prosjekt der dei kan bruke metoden sin på andre turiststader elles i regionen, i landet og utanfor Norge.

Ein ny moglegheit til samarbeid

Deltakarane i prosjektet er Den norske bokbyen AS, Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, Fjærland Guiding, Joker-butikken og Fjærland Fjordstove Hotel & Restaurant. Forskingsprosjektet er ein god moglegheit til samarbeid om utvikling av bygda sitt reiselivspotensial. Kunnskapen ønskjer deltakarane òg å nytte til å motverke feilsatsingar.

Vestlandsforsking med i oppstarten av bokbyen

Marit Orheim Mauritzen, som var direktør ved Vestlandsforsking i åra 1997-2005, var sentral i skipinga av bokbyen i 1995. I 1990-åra leia Vestlandsforsking eit EU-prosjekt som leidde til etableringa av eit internasjonalt nettverk av bokbyar «The International Organisation of Book Towns». Det internasjonale nettverket er framleis aktivt og samlar 30 bokbyar frå 22 land. Les meir om det her:  http://www.booktown.net/index.html

Forsking som verkemiddel for regional innovasjon

Forprosjektet som er utført i Fjærland i sommar er finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, VRI4 (Verkemiddel for regional forsking, utvikling og innovasjon) og Norges Forskningsråd og skal gå fram til oktober 2018. Støttebeløpet er 140.000 kr. Målet med VRI4 er å få fleire bedrifter og nettverk til å setje i gong med utviklingsarbeid som krev FoU.

Sjå programmet frå Fjærland  "Norge nå"