Arbeidsseminar - Grønt skifte
Prosjektkommunane var samla til andre arbeidsseminar der temaet var å oppsummere erfaringane frå oppstartssamlingane som har vore gjennomført i kvar av prosjektkommunane.
Program til 2. kommunesamling i prosjektet «Samhandling for Grønt skifte» på Skei Hotell 15.-16. juni
- samling den 15.-16. juni har to tema:
- Oppsummering av «heimeleksa» på temaet «sårbarheit for klimaendringar»
- «Sårbarheit for klimapolitikk og lokale utslepp av klimagassar».
Torsdag 15 juni: Erfaringar med å analysere lokal sårbarheit for klimaendringar
11:00-12:00: Lunsj
12.00 – 13:00: Velkomen frå prosjektleiinga med kort oppsummering av oppstartmøta med kommunane
13:00 – 15:00: Kvar kommune førebur ei kort (10 min kvar + spørsmål frå salen) oppsummering av arbeid sitt så langt, ut frå følgjande stikkord:
- Framdriftsplan for det lokale planarbeidet som inngår i prosjektet
- Tema som er aktuelle å analysere lokalt når det gjeld sårbarheit for klimaendringar
- Endringar av ekstremvêr / «ekstremt mykje dårleg vêr» (kva klimaparameter?) som kan auke risikoen for naturskade (kva type naturskade kan vere relevant å analysere nærare)?
- Endringar av kvardagsvêr (kva klimaparameter?) med tilhøyrande lokal konsekvens (kva type lokal konsekvens kan vere relevant å analysere nærare)?
- Indirekte konsekvensar av klimaendringar i andre land? (kva type lokal konsekvens kan vere relevant å analysere nærare)?
- Lokale samfunnsendringar som kan gjere lokalsamfunnet meir eller mindre eksponert for klimaendringar? (kva type samfunnsendringar lokalt kan vere relevant å analysere nærare?)
- Status i dei konkrete analysane
- Konkrete, førebelse eller endelege resultat?
- Plan for å gjere slike konkrete analysar?
- Utfordringar i å gjere analysane?
15:00-16:00: Gruppediskusjon.
16:00-16:30: Pause med kaffe og kaker
16:30-17:30: Samla diskusjon om erfaringane så langt – og korleis gå vidare for å avslutte denne delen av analysearbeidet
19:00: Felles middag for dei som overnattar
Fredag 16 juni: Innspel til korleis vurdere lokal sårbarheit for klimapolitikk og lokale utslepp av klimagassar
09:00 – 10:00: Gjennomgang av metode for å vurdere lokal sårbarheit for klimapolitikk og lokale utslepp av klimagassar
10:00 – 11:00: Gruppearbeid på tvers av kommunane om korleis gjere dei konkrete lokale analysane
11:00 – 12:00: Oppsummering av gruppearbeidet – og formulering av heimelekse. Avslutning med fastsetting av tid, stad og tema for neste prosjektsamling
12:00 – 13:00: Avsluttar med lunsj.