Tina
Vrieler
tilsett
Stillingstittel:
Seniorforskar
Akademisk tittel:
Ph.d.
Tilsett:
2025

Tina er seniorforskar i forskingsgruppa Teknologi og samfunn ved Vestlandsforsking. Ho disputerte for doktorgraden i datavitskap i 2025 ved Uppsala universitet, med orientering mot datavitskapens didaktikk. Avhandlinga har tittelen ”Advancing Social Justice in Code Club Education: Exploring Participation, Pedagogy, and Computer Science Capital”, og Tina utforska korleis born si deltaking i databehandling vert forma av sosiale og kulturelle ressursar og korleis ei forståing av desse faktorane kan bidra til å utvikle pedagogiske og organisatoriske metodar som fremmar sosial rettferd og utfordrar strukturell ulikskap. Ho har også utvikla rammeverket Computer Science Capital (CSC) som skal hjelpe lærarar med å skape eit meir inkluderande datavitskapleg læringsmiljø. Tina si forsking ligg i skjeringspunktet mellom datavitskapleg utdanning, utdanningssosiologi og sosial rettferd.

Tina brenn for forsking som fremmar sosial rettferd og inkludering innan utdanning. Ho er særleg oppteken av teknologien si rolle i liva våre og korleis dei unge brukar nye teknologiar som KI i si daglege læring. Forskinga hennar dreier seg også om korleis lærarar kan skape læremiljø som er inkluderande, kritiske og styrkande. Uansett om det skjer i klasserom, i uformelle læringsmiljø eller i politiske samanhengar, er Tina driven av trua på at utdanning bør vere kritisk engasjerande og oppmuntre til sosialt ansvar, kulturell audmjukheit og ei bevisst tilnærming til makt og rettferd.

Tina har ein mastergrad i informasjon og kommunikasjonsteknologi for utvikling (2015) og ein kandidateksamen i digitale media (2013) begge frå Stockholms universitet.