Utgreiing om Sogn jord- og hagebruksskule

Notat
Id:
2005-13

 

 

Utgreiinga er ei vurdering av korleis Sogn jord- og hagebruksskule (SJH) kan fungere som reiskap for Sogn og Fjordane fylkeskommune i deira rolle som regional utviklingsaktør.

Med utgangspunkt i søknad frå SJH til fylkeskommunen om oppretting av nytt Vg1 Naturbruk natur- og kulturbasert verdiskaping vert det også vurdert om det er trong for eit slikt vidaregåande opplæringstilbod, om det skisserte tilbodet møter eit eventuelt behov og i kva grad eit slikt vidaregåande opplæringstilbod stør opp om fylkeskommunen sine mål og strategiar for opplæring.