Unintended Consequences of Renewable Energy

Bok
Id:
oktober 2013
Utgjevar:
Springer

Framtidig energiteknologi må vera basert på fornybare energikjelder som må vera berekraftige. Denne boka gir innsikt i utilsikta negative verknader og korleis dei kan unngåast. For å styre unna fallgruver og utilsikta effektar, er det viktig at teknologiutviklarar og dei som tek avgjerder involvert i fornybar energi, har kunnskap om dette.  På dette området gir boka ein verdifull presentasjon av utilsikta helse- og miljømessige konsekvensar av eit breitt spekter av fornybare energiar.

Boka presenterer resultat frå tverrfagleg forsking om implementering av dei alternative energiane hydrogen, elektrisitet og biodiesel i transportsektoren, samt miljøkonsekvensar ved produksjon av solceller. Eit viktig område er konsekvensane av å ta i bruk nanoteknologi og nanomateriale i energiteknologiar. Nanopartiklar i eksos frå biodiesel-innblanda fossil diesel, og den toksiske effekten er diskutert i detalj.

Her kan boka bestillast: http://link.springer.com/book/10.1007/978-1-4471-5532-4