Rural berekraft og digitalisering. Ein studie av typedøme frå lokalsamfunn i Sogn

Artikkel
Id:
2022
Utgjevar:
Universitetsforlaget
Tidsskrift:
Fjordantologien 2022

Digitalisering kan vere vegen til berekraft i distrikta. Vår studie av fem regionale it-bedrifter argumenterer for dette i boka «Berekraftig verdiskaping» frå 2020. Vi studerer her tre nye typedøme med vekt på berekraftig utvikling. Avery Dennison NTP, Digital Etikett og Sogn Frukt og Grønt SA er intervjua om deira digitale eksistens og utvikling. Ein ordførar og ein næringssjef er også intervjua. Kva rolle spelar digitaliseringa for berekraftig utvikling og satsingar til eit utval rurale vekstmiljø i Sogn? Gjer avansert digitalisering det mogleg å lukkast like godt som urbane konkurrentar?