Programmering og IT – kven kunne trudd det skulle bli noko for menn?

Foredrag

Verdas første elektroniske datamaskin vart i 1945 programmert av seks kvinner. Mange kvinner var engasjert i programvare-bransjen og i å utvikle programmeringsspråk på 1950- og 60-talet. Ei av desse sa i eit intervju: "It really amazed me that these men were programmers, because I thought it was women's work!" Det var altså ikkje so openbart at IT skulle verte eit mannsdominert felt. Kvifor vart det slik? Og ikkje minst, kvifor er det så få kvinner som vel IT som utdanning og yrkesveg i eit av verdas mest likestilte samfunn?

Hilde G. Corneliussen, som har forska på desse spørsmåla i meir enn 20 år ved Universitetet i Bergen og ved Vestlandsforsking, heldt foredrag for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane under Forskingsdagane 2017.