Kommunar, helse og IKT
Rapporten oppsummerer eit forprosjekt som har hatt som mål å samordne ei muleg større satsing på bruk av IKT og breibandteknologi for eit utval tenester innanfor helse og omsorg i skjeringspunktet mellom kommunar og helseføretak i Sogn og Fjordane.
Prosjektet har vore gjennomført i eit tett samarbeid mellom HelseFørde og kommunane i fylket og med Vestlandsforsking som sekretariat for arbeidet. Arbeidet har også vore knytt til IT-forum Sogn og Fjordane og undernettverket Breibandforum Sogn og Fjordane.
Forprosjektet tilrår vidare satsing på fire aktivitetar: tenester for individuell plan, videobasert fjernkonsultasjon, elektronisk meldingsformidling og informasjonssystem for beredskap og sikkerheit.