Kommunane og klimautfordringa. Ein studie av lokal klimagovernance i Norge - doktorgradsavhandling
Doktoravhandlinga til Kyrre Groven handlar om korleis norske kommunar har handtert klimautfordringa. Avhandlinga bygger på arbeid utført ved Vestlandsforsking innan temaet kommunal miljøpolitikk. Ho inneheld fire artiklar som spenner frå tidleg engasjement i planlegging for reduksjon av klimagassutslepp rundt tusenårsskiftet, til seinare fasar med kartlegging av sårbarheit for klimarelaterte naturskadar og tilpassing til framtidige klimaendringar. Arbeidet illustrerer såleis utviklinga av klimagovernance i norske kommunar (governance er offentleg styring i samspel med næringsliv og sivilsamfunn), og gir innsikt i korleis ein har integrert omsyn til klimaendringar i plan- og miljøsektoren, beredskapssektoren og vass- og avløpssektoren.
Verdskommisjonen for miljø og utvikling presenterte i 1987 berekraftig utvikling som eit svar på globale miljø- og fattigdomsproblem. At omstilling til berekraftige samfunn er høgst nødvendig, har seinare blitt enda tydelegare på grunn av menneskeskapte klimaendringar. Sentrale vilkår for berekraftig utvikling er at miljøomsyn blir integrert i økonomiske avgjerdsprosessar, og at offentleg styring skjer i samspel med eit breitt spekter aktørar, og på tvers av skalaer. Dette dannar bakgrunnen for valet av dei tre teoretiske perspektiva governance, policyintegrering og skala i ein tversgåande analyse av artiklane. Det overordna forskingsspørsmålet er: Korleis kan ein forstå framveksten av klimapolicy i norske kommunar i lys av dei teoretiske perspektiva governance, policyintegrering og skala?
Governanceanalysen tar utgangspunkt i kontrasterande eigenskapar ved hierarki, marknad og nettverk, dei tre idealtypane av governance, og viser at det er stort potensial for å skape endring ved å kombinere desse på ein bevisst måte. Materialet inneheld to eksempel på at nettverksbygging har bidratt til å skape aksept for policyendring, og at endringa i neste omgang har blitt konsolidert gjennom hierarkisk styring. Mens faglitteraturen framhevar nettverksgovernance som den rette tilnærminga til klimaproblemet, er konklusjonen her at nettverk og hierarki utfyller kvarandre: Einsidig hierarkisk governance mobiliserer ikkje kunnskap og initiativ som ligg latent i samfunnet, medan nye governanceformer lett kan kome til kort viss dei ikkje blir supplerte med tradisjonell offentleg styring. Ein annan konklusjon er at staten må legge til rette for at fleirtalet av kommunane skal klare å nærme seg innsatsen og resultata til kommunane som har kome lengst i å handtere klimautfordringa.
Groven, K. (2017). Kommunane og klimautfordringa: Ein studie av lokal klimagovernance i Norge. Doktoravhandlingar ved NTNU, 2017:347. Trondheim: Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap, Institutt for geografi