Klimavurdering av å bygge mindre hytter -en vurdering av ulike materialvalg, design og bruksfasen av hytta

Rapport
Id:
Januar 2020
Utgjevar:
Stiftinga Vestlandsforsking

Rapporten har gjort ei samanlikning av den typiske nybygde hytta (96M2), men to arealeffektive konsept, hyttetype Li (66M2) og hyttetype Tind (29M2) utvikla av Stiv Kuling. Funn frå Vestlandsforsking viser at materialval i hyttebygginga har stor betydning. Val av materialar med lave klimagassutslepp kan reduserast klimagassutslepp med inntil 60 prosent i byggefasen. Når vi tar med heile livsløpet og med likt bruksmønster så vil det vere ein betydeleg reduksjon i klimagassutslepp ved å bygge mindre hytter. Den relative nedgangen i klimagassutslepp for hyttetype Tind i forhold til ei nybygd gjennomsnittshytte er ein reduksjon på 65 prosent klimagassutslepp sett over hytta si levetid på 60 år, mens den relative nedgangen i klimagassutslepp for hyttetype Li i forhold til ei gjennomsnittleg nybygd hytte er 32,5 prosent over hytta si levetid på 60 år. Rapporten er ein del av prosjektet Framtidas Hyttegrend der arkitektar, hytteutviklarar, trevareleverandørar, byggfaglege rådgjevarar og forskarar har gått saman om å prosjektere framtidas hyttegrender.