Klimatilpassing i Sogn og Fjordane anno 2008
Sogn og Fjordane var det første fylket ut med ei samling klimatilpassingseksempel på regjeringa sin nye portal, klimatilpassing.no. Stoffet vart samla inn av Vestlandsforsking i 2008, og er no publisert i eit notat..
Eksempelsamlinga frå ulike fylke og sektorar skal fungere som ei inspirasjonskjelde for kommunar, verksemder og andre som skal drive tilpassingsarbeid. Målet er å vise veg til informasjon om konsekvensar av klimaendringar og kva slags tiltak ein kan vurdere å setje inn mot desse endringane i åra framover. Innsamlinga Vestlandsforsking utførte var bestilt av det tverrdepartementale programmet Klimatilpasning Norge som har sekretariatet sitt i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Portalen klimatilpasning.no er integrert i regjeringa sine heimesider.
Nokre av tilpassingsemna:
- Reiseliv: Omstilling frå breføring til andre opplevingsprodukt
- Landbruk: Rekordtidleg førsteslått
- Veg: Frå tørrsnøskred til våtsnøskred
- Bustad: Klimarobuste hus
- Digitalisering: Verdien av å få skredarkiv ut på nettet
Kontaktperson: Idun A. Husabø