Er e-entreprenørskap vegen til vekst i distrikta? Ein studie av fem regionale it-bedrifter

Artikkel
Id:
September 2020
Utgjevar:
Fagbokforlaget

Kapittel s. 99-110

Verdiskapinga i den digitale delen av økonomien veks raskt, og innslaget av e-bedrifter er mykje større i urbane enn i rurale område. Etablering av fleire e-bedrifter i distrikta vil dermed kunne auke aktiviteten og redusere fråflyttinga. Desse bedriftene produserer varer og tenester ved omfattande bruk av informasjonsteknologi og der fråvære av slik teknologi ville gjort denne produksjonen umogleg. I dette kapittelet vert fem ulike e-bedrifter lokalisert i Sogn og Fjordane presentert, og det er gjennomført personleg intervju med seks av gründerane. Forskingsspørsmåla er: Kva var grunnane til å etablere bedrifta i eit ruralt område? Kva er barrierane for vidare vekst i bedrifta? Undersøkinga viste at e-entreprenørskap kan vere vegen til vekst i distrikta. Dei tre viktigaste grunnane bak stadvalet var at gründerane var oppvaksne der, at dei hadde god tilgang til finansielle ressursar, særleg frå det regionale verkemiddelapparatet, og at store delar av arbeidsstokken kunne jernarbeide. Dette jobbmønsteret gjorde det enklare å etablere bedriftene i distrikta og var ein måte å overkome rekrutteringsproblemet i rurale område på. Fjernarbeid gjev også eit betydeleg mindre fotavtrykk på miljøet enn det pendling gjer. Dessutan viser e-entreprenørskap seg å resultere i miljøvenlege bedrifter gjennom relativt låge investeringsbehov og små transportkostnader samanlikna med vareproduserande bedrifter. Dei viktigaste barrierane for vidare vekst var mangel på kvalifisert personell og lange avstandar til kundar og andre samarbeidspartnarar samt tilgang på privat kapital i oppstartfasen.